Undervisningsopplegg: Tarjei, 13 år


Dette undervisningsopplegget er laga av Foreningen !les.

Før lesing:

Sjå på bokomslag og tittel, snakk om forventningar til utdraget.

– Kva slags tankar får dokker når dokker ser på framsida?
– Kva ser dokker på biletet?
– Kjenner dokker igjen motiv eller måten det er framstilt på?
– Les ingressen og snakk om korleis dokker forstår tittelen.
– Kva trur dokker kjem til å skje?

Utdraget er frå ein teikneserie. Viss det er elevar i klassen som er godt kjende med teikneseriar, kan det vere ein idé å be dei om å ta med eit par døme på titlar som dei anbefalar. Alternativt kan du som lærar låne ulike døme på sjangaren og la dei sirkulere i klasserommet, slik at elevane får sjå på forskjellige stilar.

Snakk saman om: 

– Er det elevar i klassen som les teikneseriar?
– Kva er det teikneseriar og grafiske romanar kan, som annan litteratur ikkje kan?
– Eit hovudtema for denne teikneserien er relasjonar, skilsmisse og familie. Kva kan dokker om dette frå før?

Under lesing:

Be elevane notere stikkord i teksten medan dei les:

– Korleis er Tarjei framstilt?

– Korleis er teiknestilen til Anja Dahle Øverbye?

– Er det noko som vekker kjenslene når dokker les? Noko som er overraskande, trist, rørande, gledeleg e.l.?

Etter lesing:

Klassesamtale:

For å få i gang litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane og engasjementet deira for litteratur, er det ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Begynn gjerne med spørsmål som «kva handla dette om?» og «kva skjedde her?», eller ta utgangspunkt i stikkorda som elevane har skrive undervegs.

La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Korleis reagerte dokker på utdraget? Gjorde det inntrykk? På kva slags måte?
– Kva slags relasjon trur dokker at Tarjei og stefaren, Leif, har?
– Korleis reagerer Tarjei då Leif seier at han ikkje vil ha ouijabrettet i huset sitt?
– Kvifor trur dokker at han reagerer slik?
– Har dokker nokon gong opplevd ein situasjon som har fått dokker til å reagere på same måte?
– Korleis trur dokker det er for Tarjei å bu to stadar?
– Kva for ting er det som gjer sterkast inntrykk på dokker?
– Kva likar dokker å kle dokker ut med på halloween?
– Står utdraget til forventningane? Kvifor / kvifor ikkje?
– Kva trur dokker kjem til å skje vidare i boka?

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her