Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Eg er eg er eg er

Ruth Lillegraven Samlaget 2016

VÅRVILL

eg er eg er eg er
seier den vesle
vakre våren

kikar opp mellom
restane av haust og
alt som blei borte

eg er ekte og
vanleg vår
seier han

og eg lovar

lovar gull og
grøne skogar

hender og hår

småsko og
lange dagar

berre vent
berre vent

HJARTET MITT

berre vent

langt inni skogen
den mørkaste grøne

der finn du
mitt vesle hjarte

det som klyv i trea

stuper kråke mellom
røtene

legg seg til
å symje i mosehav
og skogstjernesjø

eg er eg er eg er
syng det vesle
hjartet

VAKSNE

mamma og pappa

dei hiv klede på golvet og
lèt oppvasken stå på benken

dei gløymer nøklar og mobil
et sjokolade og chips når
eg er i seng

blir sure og sinte
kjeftar og kranglar

ja, alt eg ikkje får gjere
det gjer dei

og kanskje er vaksne
berre store barn som
får bestemme sjølve

MORGONMAS

mamma og pappa

dei som
eg treng og ikkje treng
som er snille og ikkje snille
som eg likar og ikkje likar

et ferdig no, seier dei
kle på deg no, seier dei
skund deg hit og
skund deg dit

så et eg, kler på meg
skundar meg

så er både dei og eg
over alle haugar

hei, dagen

hiv o hoi
ropar eg

I BESTEFARS HUS

bestefars hus
er eit lite reir

her bur ein tynn mann
og ein kjælen katt

her luktar det
støv og sukker
erter og eple

før lukta her også
varme brød og rørte bær

før bestemor blei så tynn
og alle andre så triste

no er det berre bestefar
og eg her

kvar dag kjem eg
sit i gyngestolen
vippar fram og
tilbake

KJÆRLEIK

kjærleik
bur overalt

kjærleik bur
i sparkesykkelen din
i jakka di og skoa dine

kjærleik får meg til
å stige opp opp opp

som ballen du sparkar
mot himmelen

I TRAPPA

opp opp opp

danse danse
fram og tilbake
rundt og rundt
nærare, nærare

trille og trylle deg
sjølv bli trilla og trylla

meir og meir du skin

håret og hendene
nærare, nærare

kinn mot kinn
panne mot panne
nærare, nærare

munn mot munn
eller nesten munn
mot munn

neste gong —

TIL VERDA

ikkje noko for lite
ikkje noko for stort

for ein dag skal
eg vise dykk

ein dag skal eg stå
på den største scena

klatre det høgste fjellet

og sjefe over alle sjefar

ja, det skal eg

og om nokon av dykk
kviskrar eller tiskar

då skal det vere om
alt eg kan gjere og
alt eg kan klare

SKULESTART

eg deler og gongar
plussar og trekkjer frå
les om fjerne kongerike
keisaren og hans nye klede

men blant blyant og linjal
rim og regler, brøkar og
likningar, der dansar
villjentehjartet mitt

sjå på meg, seier det
eg er ute av skogen
no er eg overalt

vesle ville hjartet mitt
bustete, skrukkete, skite

vil ikkje høyre på meg
gjer berre grimasar om
eg snakkar alvor til det

himlar med auga
snur på hælen
flirer og ler

SJALUSI

først no
merkar eg det

merkar korleis du
ser du på alt og alle
ser på han og henne
men ikkje på meg

korleis du strør
smil og smisk
til alle

eit triks her og
eit triks der

for meg var du alt

for deg var eg
visst ingen

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Forfattaren har skrive fleire bøker for både barn og vaksne. Les meir her

Kva er eit dikt? Les meir her

Boktips:
Under oppdatering

Til toppen