Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Engel i snøen

Anders Totland Gyldendal 2016

Hovudpersonen i denne boka er dødssjuk. Mora er død, men det er fint å ha pappa til å trøyste på sjukehuset. Her blir hovudpersonen kjend med andre på same alder. Spesielt ei jente gjer inntrykk når ho speler den finaste songen på piano.

11

Silje likte godt å sjå på når eg spelte piano. Sjølv om ho var mykje flinkare sjølv. Ho sat attmed meg på krakken når eg øvde, gav ros når eg spelte rett og kviskra oppmuntrande ord når eg spelte feil. Lærte meg å spela berre på dei mørke tonane, sånn at ho sjølv kunne spela på dei lyse. Plutseleg spelte me med fire hender.

– Kva er den finaste songen du veit om? spurde Silje ein morgon me sat og spelte.

– Eg veit ikkje, sa eg.

– Min favorittsong er «Here comes the sun», sa Silje.

– «Here comes the sun»? herma eg.

– Ja, av Beatles, sa Silje.

– Korleis er den? sa eg.

– Vil du høyra? sa Silje.

Eg nikka. Silje flytta seg heilt inntil meg på krakken, så ho skulle nå både dei mørke og dei lyse tangentane åleine. Så spelte ho og song:

«Here comes the sun. Here comes the sun. And I say it’s all right …»

Det var den finaste songen eg nokon gong hadde høyrt. Eg sette meg endå nærmare Silje på krakken, og let kvart einaste ord trengja inn.

Då songen var ferdig, hadde fleire av dei vaksne samla seg bak oss. Dei stod heilt stille og sa ingenting. Men eg kunne sjå at det rann tårer nedover kinna til fleire av dei. Så gjekk dei vidare.

– Kva synest du? sa Silje.

– Det er det vakraste eg nokon gong har høyrt, sa eg.

NB! På grunn av rettigheitar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Les meir om forfattar Anders Totland her.

Les bokmelding av Engel i snøenBarnebokkritikk.no.

Les kva ungdom meiner om boka på Uprisen.no.

Fleire boktips:

Om noko skulle skje av Ragnar Hovland.
Stavanger stories av Terje Torkildsen.
Så lenge himmelen er over jorda av Levi Henriksen.
Hvem er jeg når du blir borte? av Kathrine Nedrejord.
Faen ta skjebnen av John Green.
Jeg, Earl og jenta som dør av Jesse Andrews.

Det finns og fleire sakprosabøker om sorg. Her er nokon tips:

Sorg av Kristian Fjellanger.
Og hver morgen våkner jeg av Marita Hansen.
Mysteriet mamma av Trude Lorentzen.
Ung sorg av Birgitte Gjestvang (red.)

Her kan du lese artiklar om sorg.

Filmtips:
The Fault In Our Stars (Faen ta skjebnen)

Me and Earl and the Dying Girl

Til toppen