Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Klure

Atle Hansen Samlaget 2018

Jens blir plaga av Magnus, men vil ikkje fortelje det heime. I dette utdraget er Magnus ute etter han, fordi han trur Jens har skore opp sykkeldekka hans. Venene Rita og Helge prøver å hjelpe Jens.

LØGNA

Me sit ved middagsbordet alle fire.
Pappa har laga fiskekaker i brun saus.
Mamma spør korleis det gjekk i samlingstimen.
«Fint», seier eg.
«Fortalde du om noko?» spør pappa.
«Nei», svarar eg.
«Kva har skjedd med buksa og jakka di, dei ser ut som om du har velta deg i mold», seier mamma.
«Eg sklei og datt», seier eg.

«Eg har høyrt at du blei pressa i grøfta, at du ikkje datt heilt av deg sjølv», seier Johann.
«Er det sant?» spør mamma.
Eg ristar på hovudet.
Eg har aldri fortalt heime om Magnus, at han plagar meg.

Eg vil ikkje fortelja om det no heller.
Då berre blandar dei seg.
Då blir det berre verre.

«Kven var det som pressa deg i grøfta?» spør pappa.
«Ingen», lyg eg.
«Eg har høyrt at det var Magnus», seier Johann.
«Skulle ikkje forundra meg», seier mamma.
«Eg har alltid sagt at
det er noko med den guten.»
«Skal eg ta ein prat med foreldra hans?» spør pappa.
«Nei», seier eg. «Eg snubla i ein stein.
Han pressa meg ikkje.»

GRASHOPPER

Dagen etter er Helge og eg oppe på haugen ovanfor
huset vårt.
Me leitar etter insekt.
Me skal fanga og fotografera dei
til ein presentasjon i naturfagtimen.
Eg har fått auga på ei grashoppe
inne blant nokre høge strå
og snike meg varsamt inn på henne.
Nett då eg skal til å lukka
hendene rundt grashoppa, høyrer eg Rita
som ropar på meg.
«Du må skunda deg heim, Jens,
eller gøyma deg ein stad,
Magnus leitar etter deg.»

Eg sprett opp frå bakken.
«Kvifor då?» spør eg.
«Nokon har skore hol i dekka på sykkelen hans.
Han er sikker på at det er deg.
No skal han hemna seg.»
«Eg har ikkje gjort det, ikkje sant, Helge?
Eg har vore saman med deg i heile dag.»
«Det veit ikkje Magnus.
Han trur du har gjort det.»
«Kor er han?» spør Helge.
«Eg var på butikken då eg høyrde at han sa det
til nokon gutar som var der.
Han spurde om dei hadde sett deg, Jens.
Han sa at han skulle banka deg når han finn deg.
Me må komma oss vekk
med ein gong!»

«Me spring ned til meg», seier eg.
«Han vågar ikkje å komma inn til oss.
Pappa er heime.»
Det er for seint.
Borte ved postkassane kjem Magnus
i rasande fart. Han står på trøene
og bøyer seg over styret.
Jakka og det lange lyse håret blafrar bak han.
Han styrer rett mot meg.

KNIVEN

Same kor fort eg spring,
kan eg ikkje springa frå Magnus,
og no når han både er sint og har sykkel,
er det i alle fall nyttelaust
å prøva og komma seg unna han.
Eg er ikkje halvvegs heime
før han er oppe ved sida av meg.
Han hoppar av sykkelen og kastar seg over meg.
Eg prøver å komma meg fri.
Eg greier det ikkje.
Han snur meg over på rygg,
set seg oppå meg og låser meg fast med beina.
Eg prøver å spenna og vri meg
og skubba han vekk,
men det er håplaust.
Eg er som fanga i ei skrustikke.

Med venstre handa tek han kvelartak på meg,
i den høgre handa held han
ein raud, open fallekniv.
«No skal du få, din jævel», seier han.
«No skal du faen meg få sjå korleis det går
når du skjer opp dekka mine.»
«Det var ikkje eg», greier eg så vidt å stønna fram.
«Eg har ikkje gjort det.»
«Så du er for feig til å innrømma det òg.
Men eg veit det var deg,
ingen andre er så dumme
at dei køddar med meg.»

Han fører sakte det kvasse
knivbladet mot ansiktet mitt.
Det lyner frå augo hans, stemma kveser
som ein orm klar til hogg.
Eg vågar ikkje røra meg.
Eg vågar ikkje seia noko.
Eg vågar nesten ikkje pusta.
Augo mine er festa på det kvasse knivbladet som
nærmar seg.
Kroppen spenner seg og ventar på at kniven
skal skjera seg inn i kinnet mitt.
Eg vil skrika om hjelp, men ikkje ein lyd kjem fram.
Kniven er berre eit par centimeter frå huda mi
då to hender grip tak i Magnus og løftar han opp.

DEI VAKSNE

«Er du heilt galen!» ropar Helge.
Han held Magnus i armane sine.
«Kva er det du tenkjer på? Er du heilt idiot?»
Magnus prøver å slita seg laus,
men greier det ikkje.
Helge er mykje sterkare enn han,
og mykje sintare.

«Du hadde vel ikkje på fullt alvor tenkt å stikka
Jens med den kniven?»
«Han skar opp dekka mine», ropar Magnus.
«Han fortener det.»
«Det gjorde eg ikkje», seier eg lågt.
Eg greier så vidt å snakka,
heile kroppen min skjelv,
og sveitten tyt ut
av kvar ei pore i huda.

«Det gjorde du! Det var du som gjorde det!»
kveser Magnus. Han har gitt opp å
komma laus frå grepet til Helge.
«Først laug du til Randi
om at eg hadde pressa deg i grøfta,
og etterpå gjekk du heim til oss og skar
opp dekka på sykkelen min.
Du var forresten så forbanna dum
at du gløymde kniven din. Her er han»,
seier Magnus.
Han held opp den raude fallekniven.
«Det er ikkje min kniv», seier eg.
«Jo, det er det», seier Magnus
og kastar kniven mot meg.

Den raude fallekniven landar i graset
ved sida av meg. Han er ikkje min.
Eg har ikkje fallekniv.
Eg har skikkeleg kniv, tollekniv,
til å sløya fisk med.
Bestefar har laga han.
Han har brent inn namnet mitt på skjeftet.

«Det er min kniv», seier Helge.
«Det er min. Eg gjorde det.

Eg skar sundt dekka dine.»
«Eg trur deg ikkje», seier Magnus.
«Kvifor skulle du gjera det?»
«Fordi du fortener det.
No stikk du av så fort du berre greier,
før eg går og hentar far til Jens», seier Helge.

Magnus roar seg. Han pustar djupt,
og det er nett som om han minkar
i Helge sine armar.
Då Helge slepper han laus,
spring han bort til sykkelen sin
og fer som ein vind bortover vegen.

Kniven ligg att på bakken. Eg plukkar han opp.
«Kvifor tok du på deg skulda?» spør eg.
«Dette er jo ikkje din kniv.»
«Kven sin er det?» spør Helge.
«Det kan vera det same», svarar eg
og ser på Rita.
Helge treng ikkje vita alt heller.
Stundom kan ein halda sanninga for seg sjølv.

Til toppen