Som ein bror på Høvik skole

Biograf: Forfattar Alfred Fidjestøl på besøk hos 7. trinn ved Høvik skole i Lier.

Som ein premie i skrivekonkurransen fekk ein skule besøk av forfattaren av boka Som ein bror, Alfred Fidjestøl.

I Tid for ti 2020 arrangerte vi ein skrivekonkurranse i samarbeid med Framtida junior. Tema for konkurransen var biografi. Vinnaren av skrivekonkurransen blei Lucas Persche-Maudal (12) frå Forsand skule. Han skreiv om Greg Heffley frå bøkene En pingles dagbok. Les vinnarteksten her

I tillegg plukka vi ut ein klasse som vinnar av forfattarbesøk av Alfred Fidjestøl. Han har skrive biografien om Julius og eit utdrag frå boka har vore med i Tid for ti dette skuleåret. Sjå meir her

Den heldige vinnar av forfattarbesøk blei Høvik skole i Lier. Tysdag 16. juni fekk elevane på 7. trinn høyre Fidjestøl fortelje engasjert om livet til Julius.

Takk til elevar og lærarar ved Høvik skole for godt vertskap!