Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius

Alfred Fidjestøl Samlaget 2019

Sjimpansen Julius blei fødd i 1979 i Dyreparken i Kristiansand. Då mora til Julius ikkje ville ha han, måtte han flytte inn hos to menneskefamiliar. I dette utdraget er Julius tilbake i Dyreparken, men han klarer å rømme. Det blir farleg for både Julius og menneska han møter.

KAPITTEL 7
PÅ FLUKT

Den gongen kom Julius heim til familien Glad fordi han hadde skadd seg. Men snart måtte det bli slutt på denne typen besøk, same kva som hende. Julius vaks nemleg fort desse åra. Han blei større og sterkare, han kom i puberteten, han blei ein ungdom. I 1984 og 1985 var det ikkje lenger trygt for Dyreparken å ta han ut og late han møte barna i parken. Heretter måtte han alltid berre vere hos sjimpansane.

Heller ikkje «menneskesøskena» hans kunne ha nærkontakt med han lenger. Om dei besøkte han no, måtte dei anten vinke til han over vassgrava, om han var ute på øya, eller stå på publikumsplass i innandørsanlegget og sjå han på avstand. Stundom kunne dei få bli med dyrepassarane inn på baksida av sjimpanseanlegget, der publikum ikkje slapp til, og vere i lag med han ved sprinklane. Men dei kunne aldri meir gå inn til han. Aldri meir gi han ein klem. Aldri meir stryke han gjennom pelsen.

Denne tida fekk Julius det vanskelegare i sjimpanseflokken. Då far hans, Dennis, døydde, hadde Dyreparken henta ein ny hannsjimpanse frå ein park i Sverige som skulle vere ny leiar for flokken. Champis heitte den nye leiaren, og han fungerte fint som leiar for dei andre sjimpansane, men han var merkeleg brutal med Julius. Kanskje irriterte han seg over at Julius oppførte seg så rart og annleis? Kanskje syntest han det var urettferdig at Julius så mange gonger var blitt tatt ut av anlegget og hadde fått vere i lag med menneske?

Champis var hardhendt med Julius. Han banka han nærast dagleg, han beit han med dei spisse hjørnetennene sine. Dyrepassarane fann djupe bitemerke i pelsen til Julius, og dei frykta at Champis kunne kome til å drepe han. Sjølv om Julius no var blitt større og sterkare, var han ikkje så stor at han klarte å forsvare seg mot Champis.

Hadde Julius levd i naturen, kunne han prøvd å stikke av for å sleppe å få juling. Men å stikke av i ein dyrepark er ikkje så enkelt. Ein såg også at Julius prøvde å gøyme seg for Champis. At han sette seg bak steinar og tre, så ikkje Champis skulle finne han eller tenke på han. Kanskje gløymde Champis å gi han juling ei lita stund om han ikkje fekk auge på han? Å gøyme seg i ein dyrepark er heller ikkje enkelt.

Men så fann Julius, som den einaste av sjimpansane i Dyreparken i Kristiansand, ut at det faktisk var mogleg å rømme. Fem gonger klarte Julius å rømme frå sjimpanseanlegget. Julius var litt større og litt farlegare for kvar gong.

Éin gong blei han sett idet han rømte. Julius var inne i innandørsanlegget, han sat åleine for seg sjølv og prøvde å gøyme seg for Champis. Og mens Julius sat slik, såg det ut som om han oppdaga noko i taket. Det var som om han fekk ein idé.

Plutseleg klatra han opp i taket og derfrå utover mot publikum. Han hadde sett ei fluktrute. Han byrja å klatre utover langs taket, mot publikum, vekk frå dei andre sjimpansane. Det var ein bjelke i taket med straum i som skulle gjere det umogleg å rømme denne vegen. Dei folka som tilfeldigvis var til stades då dette hende, såg at heile kroppen til Julius rista idet han passerte denne bjelken og fekk straum i kroppen. Men han sleppte ikkje taket. Han beit i seg smerta, klatra vidare over vassgrava, hoppa ned på publikumssida og sprang ut i parken. Dyrepassarane klarte heldigvis å fange han raskt den gongen, men han skulle rømme fleire gonger i tida framover.

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av teksten og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Les meir om boka her

Les meir om Julius her

Les meir om Dyreparken i Kristiansand her

Her kan du sjå ein film om Julius:

Har du høyrt Julius-songen?

Kva veit du om sjimpansar? Les meir her

Andre biografiar:
Fortellingen om-serien hos Kagge forlag

Historien om-serien hos Spartacus

Jenta i veggen av Lena Lindahl

Til toppen