Aktivitetar: Ein bror i verdsrommet

1.

Kva trur du feilar storebroren til Elias? Skriv ei side om kva du tenkjer.

2.

Trur du på utanomjordiske vesen? Kvifor/kvifor ikkje? Diskutér i grupper, eller lag ei teikning.

3.

Finn ut meir om plastforsøpling i havet. Skriv ein kort faktatekst.

4.

Skriv eit dagboknotat der Elias fortel om korleis han opplever tida heime når broren er på sjukehuset.

5.

Sjå for deg at du får besøk frå verdsrommet. Korleis ville det ha vore, trur du? Lag ein teikneserie med fire ruter som viser korleis dette besøket ville ha gått føre seg. De kan bruke malen de finn her, om de vil. https://nynorsksenteret.no/teikneseriar/Mal4_stort.jpg

Treng du inspirasjon til korleis du lagar teikneserie, finn du det på https://nynorsksenteret.no/teikneseriar/rundetips.html

6.

Utdraget startar med at Elias og venene plukkar søppel på stranda. Finn fem–ti punkt du kan gjere for å hindre forsøpling og forureining. Presenter punkta dine digitalt. Du kan til dømes lage ein film, ei nyhendesending, ein PP-presentasjon, ein presentasjon i Book Creator eller liknande. Etterpå kan heile klassen gå ut og ta ei søppel-ryddeøkt rundt skuleområdet eller ein annan stad i nærområdet.