Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Ein bror i verdsrommet

Rune F. Hjemås Samlaget 2021

Elias og Mina høyrer mystiske lydar i nabolaget. Har det noko med vaktmeister Edvardsen å gjere, eller har dei fått besøk frå verdsrommet? Dette må dei finne ut av. Samtidig gler Elias seg til at storebroren skal kome heim frå sjukehuset.

4

– Oh my god, æææsj!

Elias snur seg og ser Mina stå med ein lang, drypande plastpose i den eine handa. Ho held den framfor seg med strak arm og vender ansiktet bort.

– Eg trur søren meg nokon har gravlagt ein heil flaggermusfamilie i denne posen og kasta dei ròtne lika på sjøen, seier ho med ei blanding av avsky og nysgjerrigheit i stemma.

Elias vassar bort til henne. Det stinkar noko heilt forferdeleg. Han opnar den store, svarte søppelsekken slik at ho kan sleppe styggedommen nedi.

Langs stranda går resten av klassen og sleper svarte plastsekkar etter seg, på jakt etter alt som ikkje høyrer heime i naturen. Denne veka har dei som prosjekt å rydde så mykje plastsøppel dei greier. Etterpå skal dei arbeide i grupper og presentere det dei har funne for dei andre i klassen.

Naturfag-Zahid går rundt i eit par knehøge gummistøvlar og prøver å motivere dei med historier om forsøpling og global oppvarming.

– Vi kjem til å vinne suverent, seier Mina. – Ingen kjem til å finne like mykje ekkelt som oss!

Ho vassar enda lenger ut, til vatnet nesten fløymer over kanten på støvlane hennar. Med ein lang kjepp rotar ho langs botnen, prøver å finne noko enda verre å fiske opp.

– Eg trur ikkje det er ein konkurranse, seier Elias, litt nervøs for kva bestevenninna faktisk kan vere i stand til å finne der nede på botnen.

Mina snur seg og set auga i han.

– Alt er ein konkurranse, Elias, seier ho. – Har du ikkje høyrt om evolusjonen?

Elias blir ståande ei stund og tenke på kva ho eigentleg meinte med det.

 

På heimvegen etter siste time begynner Mina å snakke om det raude lyset igjen. Elias hadde nesten gløymt det etter alt som skjedde med Mats i helga.

– Kva om det er ein slags portal til ei anna verd?

Ho veivar ivrig med hendene mens ho snakkar.

– Liksom ein inngang til ein annan dimensjon?

– Seriøst? seier Elias og ler kort. – Tenker du på det der enno?

Mina stoppar opp.

– Altså, eg meiner det, eg. Det er noko med han Edvardsen-fyren! Eg har hatt ei kjensle av det lenge.

Elias tenker seg om eit augeblikk. Han hugsar plutseleg kva faren og mora hans sa.

– Pappa sa forresten at han har vore professor.

– Edvardsen?

– Ja, men så fekk han sparken.

Munnen til Mina opnar seg. Ho skal akkurat til å seie noko da Mu kjem opp på sida av dei og vil slå følge. Han kjem akkurat tidsnok til å få med seg kva dei snakkar om.

 

– Det lyset har eg òg sett! seier han. – Eg kan sjå vindauget frå rommet mitt.

– Kan du? seier Mina. – Kva har du sett, da?

– Av og til er det mystiske skuggar der.

Elias kan sjå at det glimtar til i auga hennar.

– Skuggar?

– Ja, svarar Mu. – De kan komme på besøk og sjå sjølv ein dag.

– Det vil vi gjerne, seier Mina lykkeleg.

Mu nikkar kort og svingar av mot blokka si.

– Høyrde du det? seier ho til Elias da dei to minutt seinare er på veg opp trappene i oppgangen sin. – Mu har også sett lyset!

– Sett lyset, gjentar Elias med eit lite smil. – Høyrest nesten ut som om han har møtt Jesus.

– Ikkje tull, seier Mina. – Eg er sikker på at det er noko uvanleg på gang i nabolaget.

– Ja, seier Elias og drar litt på det. Han kjenner fantasien til Mina og veit at ideane hennar ikkje alltid er heilt til å stole på. Men viss Mu også har sett det …?

– Det hadde i alle fall vore kult.

Dei traskar dei siste skritta opp til Mina sin etasje.

– Skal vi gå saman til skolen i morgon? seier ho.

– Gjer vi ikkje alltid det? seier Elias.

Mina smett inn i korridoren sin. – Sest da!

Lapskaus til middag. Plassen til Mats står tom, slik den for det meste har gjort dei siste månadane. Men etter at han var heime i helga, kjennest den enda tommareno enn før.

– Var det fint på skolen i dag?

Mora ser på Elias.

– Vi plukka plast ved fjorden.

– Så spennande.

– Viss det var spennande, så burde det vel ha vore mange fleire ute og plukka søppel heile tida, svarar han.

– Du seier noko, seier faren.

Etterpå hjelper Elias til med å rydde av bordet. Han stablar glas og tallerkenar inn i oppvaskmaskina. På kjøkkenbenken står pc-en til mora. Ho har begynt å sende ut felles e-postar til slekt og venner der ho fortel korleis det går med Mats. «Mats-posten», kallar ho det. Elias les dei første linjene:

Siste nytt no er at Mats er tilbake på sjukehuset etter å ha vore ein tur heime i helga. Det blei ein liten nedtur for oss da han pådrog seg ein infeksjon. Men prøvane ser allereie betre ut. Legane seier dei vil prøve noko nytt …

Han gidd ikkje lese meir. Når mora skal fortelje om Mats, synest han aldri det blir rett. Enten så dekker ho over korleis det eigentleg er, eller så overdriv ho kor dårleg det går. Det beste er å snakke med Mats sjølv. Enten på sjukehuset eller på videochat heimanfrå. Dei pleier å ringe kvarandre opp nesten kvar kveld.

NB! På grunn av rettigheiter har vi sletta deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Boktips:

Sinne av Ann Helen Kolås Ingebritsen

Blå flaggermus av Harald Nordtun

Fugleguten av Rune Belsvik

Så vakker du er av Brynjulf Jung Tjønn

Film- og TV-serietips:

Til toppen