Aktivitetar: Granittgutta

1.

Dette er ei spenningsbok. Synest du utdraget var spennande? Kva kunne gjort det meir spennande, meiner du?

2.

Likar du å spele dataspel? Kva slags spel likar du, og kvifor? Diskutér med andre i klassa.

3.

Kven trur du styrer dronen i utdraget? Skriv vidare på forteljinga.

4.

Skriv ei bokmelding av utdraget. Kva synest du var spennande? Kva likte du ikkje? Kva slags terningkast vil du gje utdraget? Her finn du tips til korleis du kan skrive ei bokmelding, og nedst på sida ligg det ein tom mal du kan skrive ut og bruke: Å skrive bokmelding

5.

Lag ei teikning av situasjonen med dronen utanfor vindauget. Vel enten perspektivet frå dronen som ser inn vindauget, eller perspektivet til Frank, som ser dronen utanfor vindauget.

6.

Lag ein liten teikneserie ved hjelp av denne malen med ferdige teikneserieruter.
Då kan du til dømes gjere det slik:

Rute 1: Hunden Ragge og hovudpersonen er i eit rom.
Rute 2: Det dukkar opp noko i vindauget (ein drone, ei fe, ein drake, ein julenisse eller noko anna).
Rute 3: Hunden gøyr, og hovudpersonen spør «Kva er det?»
Rute 4: Overraskande slutt, til dømes at draken spør om å få låne toalettet, eller at julenissen kolliderer med ruta og alle gåvene ramlar ut av nissesekken.