Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Granittgutta. Dronemysteriet

Svein Jarle Åbrekk Svein Jarle Åbrekk Illustratør: Trond Kulterud 2020


Frank og Kristoffer elskar å game på nettet. Dei bur begge i Granittvegen, den rolegaste og tryggaste gata i heile Kramsvik. Men tryggleiken er truga. Det er nokon som spionerer på innbyggarane.

KAPITTEL 5

«Eg stikk opp på rommet!» Frank reiste seg frå kveldsbordet. «Takk for maten!»

«Ikkje for mykje speling no, då», formante Stein og kikka på klokka. «Du må vere i seng seinast halv ti. Det er skuledag i morgon.» Frank nikka motvillig og registrerte at han berre hadde ein og ein halv time til disposisjon. Rommet til Frank låg i andre etasje. Han hadde etasjen meir eller mindre for seg sjølv. Trappa opp var gamal, og den knirka ganske heftig. Spesielt dei tre øvste trinna. Det var umuleg å liste seg opp på rommet utan at nokon merka det. Frank hadde øvd seg på å dra seg opp rekkverket, forbi dei knirkande trinna, slik at han hadde ein mulegheit til å kome seg lydlaust opp til rommet. Det var greitt å ha ein plan dersom han kom for seint heim, etter at foreldra hadde lagt seg, eller at han berre måtte ut ein tur etter leggetid. Planen var ganske god. Frank hadde øvd så mange gonger at han no meir eller mindre greidde å forflytte seg lydlaust frå første til andre etasje. Inne på rommet hadde Frank alt han trong. Eller alt han sjølv meinte at han trong på eit rom, nemleg datamaskin og seng. Den svarte HP Pavilion Gaming PC-en var majestetisk plassert ved sida av «best i test»-skjermen Dell Ultrasharp U2417H. Det var ingen som skulle slå han på utstyr. Han hadde brukt alle bursdagspengane sine frå dei tre siste åra til å kjøpe akkurat dette utstyret. «Utstyret er halve arbeidet», brukte far hans å seie når han arbeidde i hagen. Frank meinte at dette mest sannsynleg også gjaldt datautstyr.

Frank lukka døra til gangen og trykte på powerknappen på datamaskinen. Maskinen var nesten lydlaus, men den gav frå seg eit par lysblink som eit hint om at den arbeidde med noko. «Oppdaterer, vennligst vent» stod det med kvite bokstavar på den blå skjermbakgrunnen. Det knirka forsiktig i trappa, og som eit snikande ullteppe kom Ragge tassande inn på rommet.

Han hoppa opp i senga, og kikka bedande på Frank.

«Vil du ha kos?» sa Frank og sette seg ved sida av den vesle hunden. Frank hadde googla cockapoohundar for å finne ut om dei verkeleg fanst, eller om tante berre hadde lurt dei. Han hadde funne ut at denne rasen faktisk eksisterte, og at hundane var sett på som både intelligente, kjærlege og vennlege.

Dataen oppdaterte seg sakte, mens Frank sat og strauk Ragge på hovudet. Brått stivna hunden til. Han reiste seg med eit rykk og stirra mot vindauget. Frank kunne kjenne at Ragge byrja å skjelve.

«Kva er det for noko?» spurde Frank roleg. «Du er trygg her.» Ragge hadde stilt seg i jaktposisjon i senga. Han ensa ikkje den vennlege stemma til Frank, men heldt fram med å stire ut av vindauget. Frank kikka opp. Kva i alle dagar hadde skremt Ragge? Det var mørkt ute, så han kunne ikkje sjå så mykje utanfor. Han skulle akkurat til å løfte Ragge opp på fanget då han skimta noko som sakte glei forbi soveromsvindauget. Det var umuleg å sjå kva det var, men det var ingen tvil om at noko bevegde seg der ute. Det gjekk kaldt nedover ryggen. Rommet hans låg i andre etasje. Likevel var han ikkje i tvil. Det var eitt eller anna som gjekk føre seg utanfor. Han famla etter lysbrytaren på veggen og greidde til slutt å få slått av lyset. Begge to sat heilt roleg og studerte vindauget. Brått kom det eit svart objekt inn frå venstre. Ragge bjeffa kraftig og knurra mot ruta. Frank skvatt til med det same, men greidde likevel å få med seg kva det var. Han hadde sett den før. Mange gongar. Utanfor vindauget flaug det ein drone. Ein DJI Mavic Pro-drone. Akkurat lik dronen som Kristoffer hadde kjøpt i sommarferien. Frank pusta letta ut og kjende at han faktisk hadde blitt litt skremt. Pulsen var betrakteleg høgare no enn den brukte å vere på ein vanleg søndagskveld.

NB! På grunn av rettigheiter har vi sletta deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

Les meir om Granittgutta her

Krim er ein populær sjanger. Les meir om krim her

Boka er illustrert av Trond Kulterud. Sjå teikningane hans her

Boktips:

Mysteriet ved Hangman’s Hill av Olla Rypdal

Galderstjerna av Asbjørn Rydland

Outlaster av Nina Borge (bokmål)

Jag är Supermann av Lars Mæhle

Film- og serietips:

Hardy på NRK

Til toppen