Informasjon om Tid for ti 2022


Her følgjer litt informasjon til skular som er med i Tid for ti 2022.

Antologiane er enten allereie komne fram til skulen din, eller så er dei på veg. Dokker som har bestilt i veke 50 og 51, vil få bøkene i starten av januar.

I antologien er det utdrag frå åtte nye bøker og to frå Tid for ti 2021. Det gjeld Ti utrulege oppfinningar, men her har vi valt eit anna utdrag, og Rundt jorda og tilbake. Det var mange konstruktive tilbakemeldingar på Tid for ti 2021 som vi har forsøkt å inkludere i Tid for ti 2022.

Her er ei oversikt over bøkene som er med i antologien

Sjå fleire boktips her

På tidforti.no finn dokker tekstane, lydfiler, aktivitetar, konkurransar og lærarrettleiing.

Når dokker klikkar på omslaga på framsida, kjem dokker inn på sjølve utdraget. Her ligg lydfilene til høgre som Soundcloud-fil. Her finn dokker også lenkjer til aktivitetar og oppgåver.

Under dei fleste utdraga har vi som bonusstoff publisert ei videohelsing til elevane frå forfattarar, illustratørar og omsettar. Start gjerne med denne helsinga før dokker startar lesinga.

Aktivitetar finn dokker som eige menypunkt på framsida. Klikk på bøkene for å sjå aktivitetar til kvart utdrag. Her vil dokker og finne lenkjer til utdraga og oppgåvene.

Konkurransen er i samarbeid med Framtida junior og er ein skrivekonkurranse. Vi håper så mange som mogleg vil delta. Fristen er i mars 2022.

Lærarrettleiinga for Tid for ti 2022 er laga av Nynorsksenteret. Dokker finn oppgåver til kvart enkelt utdrag under menyen Lærarrettleiing. På sida med oppgåver til kvart utdrag vil dokker og finne lenkjer til utdraga og aktivitetar.

Lukke til med Tid for ti 2022!

Ikkje nøl med å ta kontakt viss dokker har spørsmål.

God jul og godt nyttår!

Vh Ole IB Storø
Foreningen !les
ole@foreningenles.no