Aktivitetar: Norske sjørøvarar

1. Teikn eit norsk sjørøvarskip, så detaljert som du klarar.

2. Sjå for deg Bergen på denne tida. Kva luktar du? Kva ser du? Kva høyrer du? Korleis er stemninga i den vesle hamnebyen når sjørøvarane kjem? Skriv ei skildring eller lag ei dramatisering i lag med ei gruppe.

3. Finn ut meir om sjørøvarar i andre europeiske land. Var dei som dei norske, eller var dei annleis? Kva med vikingane? Kan dei kallast dei første norske sjørøvarane? Kvifor / kvifor ikkje? Hald ein presentasjon for klassen.