Opplegg til Norske sjørøvarar

av Anders Totland. Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen

Læringssti til Norske sjørøvarar utdrag s. 6-10

Læringsstien er forma som ein lysbiletepresentasjon med omslaget til boka og oppgåver elevane skal gjere aleine, i par og i grupper på fire.

Målet med økta er at elevane skal lese og forstå teksten og jobbe i grupper med å lage ein presentasjon av innhaldet i utdraget frå Norske sjørøvarar.
Du må rekne om lag ein dobbeltime på læringsstien, men det er du som lærar som bestemmer organisering og tidsbruk. Presentasjonen/læringsstien er meint som eit forslag.

Førebuing:
Gjer klar presentasjonen i klasserommet.

Til kvart av opplegga treng du i tillegg:

– skrivesaker
– Tid for ti-antologien eller utskrift av tekstane du skal bruke
– gule lappar
– digitale einingar / store ark til å lage presentasjonar med.