Lærarrettleiing

HER FINN DU UNDERVISNINGSOPPLEGG TIL TEKSTANE I TID FOR TI 2024

HER FINN DU AKTIVITETAR TIL TEKSTANE I TID FOR TI 2024

Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn i norsk skule. Aksjonen er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar. Oppgåver til bøkene i Tid for ti 2024 er under arbeid.

Målet er å gje elevane gode leseopplevingar gjennom å introdusere dei for nyare nynorsk litteratur.

Hjartet i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti gode nynorske ungdomsbøker. Antologiane blir sende til alle påmelde klassar i heile Noreg.

Alle utdraga er òg tilgjengelege på nettsida tidforti.no. Her finst dessutan:

– Lydfiler av utdraga
– Meir informasjon om forfattarane og bøkene deira
– Aktivitetar og konkurransar
– Undervisningsopplegg

Les artikkelen av Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret:

Kvifor skal elevar lesa nynorske bøker?

Gode leseopplevingar og samtalar

Lærarrettleiinga er meint som ein inspirasjon i arbeidet med å gje elevane gode leseopplevingar.

Utdraga er valde ut med tanke på å stimulere leselysta til elevane og samstundes vise fram ei breidde i tema, karakterar, struktur, skrivemåtar etc. Det er ikkje sikkert at alle elevane likar alle tekstane, men målet er at alle skal finne noko dei likar og som gjev dei lyst til å lese meir.

Antologien kan delast ut med ei oppmoding om å lese utdraga på eiga hand, men du som lærar kan også leggje til rette for at elevane skal få gode leseopplevingar. Du kan gje dei høve til å lese og diskutere tekstane i Tid for ti i klasserommet, formulere leseopplevingane sine og seie kva dei meiner om utdraga. Erfaringane våre syner at slike samtalar kan ha ein positiv verknad på motivasjonen til elevane og engasjementet deira for lesing, og vidare for lesekompetansen deira.

Denne lærarrettleiinga legg opp til ei personleg tilnærming til dei litterære tekstane, til kritisk lesing og til litterære samtalar i små og store grupper.

Om lærarrettleiinga

Lærarrettleiinga kjem i ein generell del og ein meir spesifikk del med opplegg til kvart bokutdrag.

Den generelle didaktiske ramma rundt opplegga er prosessorientert lesing, ein god og fleksibel metode for ei variert leseopplæring. Ved å dele opp lesinga i fasar, bidreg prosessorientert lesing til at leseprosessen vert synleg for elevane, og dei får sjå og erfare konkrete døme på korleis meininga oppstår undervegs i lesinga. Målet er at teksten vert opna for elevane, og at dei aktivt kan bidra med utgangspunkt i eigne opplevingar og erfaringar. Samstundes får du som lærar moglegheita til å fungere som modell, til dømes i dei delane av lesinga der du meiner at elevane treng støtte.

Den prosessorienterte lesinga kan kombinerast med mange ulike opplegg og aktivitetar, og dei konkrete og spesifikke opplegga i denne rettleiinga er tenkt som eit tilfang av moglege aktivitetar.

Utdrag og oppgåver i lærarrettleiinga har som mål å stimulere til leselyst, gje rom for utveksling av tankar, synspunkt og meiningar, og bidra til refleksjon over den litterære erfaringa. Derfor legg undervisningsopplegga vekt på at elevane får etablere ei personleg tilnærming til tekstane. Lista med igangsetjarar, logg og samtalar i par og mindre grupper er døme på aktivitetar som har til formål å byggje vidare på den personlege leseopplevinga til elevane. Slik vert dei meir merksame på sin eigen litterære smak og er godt førebudde på å formulere og grunngje lesinga si i ein litterær samtale. Dersom dei i tillegg opplever å bli høyrde og tekne på alvor i samtalen, har det ein positiv verknad på engasjementet for lesing.

Tid for ti i klasserommet – eit forslag

Før lesing:

Kva forventar elevane av utdraget?
Be elevane snakke om bilete og tittel på omslaget, og om kva dei forventar av utdraget dei skal lese. Bruk litt tid på å snakke om sjangeren som høyrer til utdraget (fantasy, drama, spenning, grøss eller liknande), og om dei temaa som utdraga tek for seg. Viss du vurderer at utdraget er ei utfordring for elevane, kan det vere ein fordel å vere meir konkret og gje eit kort handlingsreferat før lesinga. Sei noko om personane, ta opp vanskelege formuleringar eller omgrep, dramatiser delar av teksten eller liknande.

Under lesing:

Elevane kan få i oppdrag å lese eller høyre utdrag på nettsida. Som alternativ kan læraren setje av tid til lesing i timane, spele av lydfiler i klasserommet eller lese teksten høgt for elevane. Undervegs kan elevane markere i teksten, notere på linjene etter utdraget eller i ei loggbok. Ein annan idé er å stoppe opp undervegs for å snakke om kva som skjer og kva elevane trur vil skje vidare. Slike stopp kan bidra til at elevane vert meir engasjerte og meir merksame på sjølve lesinga som prosess, og vil samstundes kunne hjelpe elevane med ord eller avsnitt som er vanskelege å forstå.

Etter lesing:

Oppleving og meining
Etter at elevane har lese, skal dei jobbe med å formulere opplevinga si. Bruk gjerne rekkjefølgja tenk-par-del for å auke tryggleiken og munnleg deltaking, eller sit i par eller i grupper og be elevane notere kva dei synest om utdraga: Kva synest dei var det beste ved utdraga? Kva likte dei ikkje? Be dei skrive kvifor dei likte eller ikkje likte utdraga, og be dei om å lese grunngjevinga høgt for dei andre elevane. Då vert leseopplevingane styrkte og elevane meir førebudde på klassesamtalen.

Diskusjon
Diskuter utdraga i klassen ved å ta utgangspunkt i dei personlege leseopplevingane til elevane. Her må ramma vere hyggeleg og elevane få framføre opplevinga, meininga og grunngjevinga si. Det vil bety noko for kvar enkelt. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gjeve på førehand – gjer det enklare for elevane å engasjere seg i litteraturen. Til slutt kan dei sjå om dei kjem fram til ei felles vurdering eller ikkje (bruk gjerne metoden om Streken som er i denne lærarrettleiinga).

Klikk på «Læraren si vurdering», skriv ei kort forklaring og trykk på «Submit». Tilbakemeldingane kjem anonymt til oss i Foreningen !les og gjev viktig kunnskap om kva slags bøker vi kan bruke vidare i aksjonen.

Tid for ti og kompetansemåla etter 7. trinn i Fagfornyelsen (K20)

I læreplanen i norsk står det: «Norskfaget skal gi elevene litterære opplevelser og mulighet til å uttrykke seg kreativt og skapende.» Elevane må derfor få «lese tekster for å oppleve, bli engasjert, undre seg, lære og få innsikt i andre menneskers tanker og livsbetingelser». Litteraturen speler ei nøkkelrolle, og læreplanen tydeleggjer at elevane må få møte tekstar på både bokmål og nynorsk allereie dei første åra på barneskulen. Til dømes syner kompetansemåla at alle elevar skal lytte til og samtale om tekstar på nynorsk frå og med 1. og 2. trinn, lese nynorske tekster på 3. og 4. og eksperimentere med skriving på sidemål dei tre siste åra på barneskulen. Elevar med nynorsk som sidemål har fordel av å møte den nynorske målforma tidleg, medan elevar med nynorsk som hovudmål vert mindre eksponerte for eige skriftspråk utanfor skulen og har derfor nytte av å lese gode barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Uansett hovudmål må ein lese mykje på nynorsk for å bli ein god nynorsklesar – og då treng ein gode leseopplevingar som kan stimulere leselysten! Med Tid for ti ønskjer vi å gje eit slikt tilbod. Vi meiner at unge lesarar må få gode leseopplevingar – på bokmål og nynorsk – for å utvikle engasjement for lesing.

Samstundes dekkjer oppgåvene kompetansemåla i den nye læreplanen i norsk. Vi foreslår at prosjektet først og fremst vert nytta til å jobbe med følgande kompetansemål etter 7. trinn:

– lese lyrikk, noveller, fagtekster og annen skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhold

– bruke lesestrategier tilpasset formålet med lesingen

– lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler

– beskrive, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål

– utforske og beskrive samspillet mellom skrift, bilder og andre uttrykksformer og lage egne sammensatte tekster

Oppgåver frå tidlegare aksjonar finn du her

Lukke til med det viktige arbeidet de gjer for å spreie leselyst og engasjement for lesing blant elevane!

Helsing Foreningen !les


Tips til vidare lesing om engasjement for lesing og litterær kompetanse:

– Askeland, Norunn og Cecilie Falck-Ytter: Nynorsk på nytt, Fagbokforlaget 2009
– Hennig, Åsmund: Litterær forståelse. Innføring i litteraturdidaktikk. Gyldendal 2011
– Kverndokken, Kåre: 101 måter å lese leseleksa på. Fagbokforlaget 2012
– Kverndokken, Kåre (red): 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på. Fagbokforlaget 2016
– Lillevangstu, Marianne, Elise Seip Tønnesen og Hanne Dahll-Larssøn (red.), Inn i teksten – ut i livet. Nøkler til leseglede og litterær kompetanse. Fagbokforlaget 2007
– Skardhamar, Anne-Kari: Litteraturundervisning, Universitetsforlaget 2011
– Nielsen, Ingrid: «Hvordan gjennomføre litterære samtaler» https://www.uis.no/nb/hvordan-gjennomfore-litteraere-samtaler (lest 16/12-2020)

Generell mal for før, under og etter lesing

Malen kan delast ut til elevane og brukast til alle utdraga i Tid for ti.

Last ned malen her

Om litterær smak og kvalitet

A. «Kva slags bøker likar elevane?»

Individuelt arbeid
Be elevane tenkje over kva slags bøker dei likar. Kvifor likar dei desse bøkene?
Det er viktig at elevane er så ærlege og presise som dei klarar når dei grunngjev vala sine.

Oppgåva kan konkretiserast på følgjande måte:
Be elevane lage kvar si liste over bøker dei likar. Det kan vere nye eller gamle, romanar, forteljingar, teikneseriar etc. Har dei ein favoritt?

Be elevane velje den eller dei bøkene dei likar aller best og grunngje eller forklara – til dømes skriftleg – kvifor det er nettopp den eller desse bøkene. Kva er det som gjer at dei har likt desse bøkene? Kor viktig er handlinga? Er bøkene spennande? Morosame? Gripande? Overraskande? Truverdige? Er det fordi dei inneheld personar elevane blir glade i, beundrar fordi dei er annleis, kule etc.? Er bøkene skrivne på ein god måte? Har dei ein god slutt? Noko anna? Er det noko som er skrive av same forfattar? Noko i same sjanger?

Du kan også be elevane skrive ned eit par bøker dei ikkje har likt. Korleis er desse bøkene? Kva er det som gjer at dei ikkje har likt desse bøkene?

Elevane kan samstundes tenkje tilbake på bøker dei har likt tidlegare. Korleis var desse bøkene, og kvifor likte dei desse bøkene? Har smaken deira endra seg?

B. Samtale i heil klasse om litterær kvalitet 

Klassesamtale
Be elevane dele favorittane sine med klassen. Skriv titlane på tavla. Er det bøker som blir nemnde mange gonger, er det nokon som berre få elevar har oppdaga?

Snakk deretter om kva elevane synest kjenneteiknar gode bøker dei har lese. Kva er det viktigaste for at ein skal lese og like ei bok? Kva slags rolle spelar forfattaren, sjangeren, emne/tema, personane, handlinga, måten boka er skriven på?

På bakgrunn av samtalane kan elevane sjå om dei kan å bli einige om 5–10 punkt som kjenneteiknar ei god bok for aldersgruppa deira. Er det andre kriterium no enn då dei var yngre? Korleis tenkjer dei seg at kriteria er annleis for ungdomsskuleelevar? Lærar og elevar noterer 5–10 punkt til seinare bruk.