Opplegg til Rundt jorda og tilbake
av Inger Johanne Sæterbakk
FØR LESINGA:
Sjå på bokomslag, tittel og sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.
Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:
– Kva legg dokker merke til på framsida av boka?
– Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
– Kva trur dokker strekane er for noko?
– Kva tenker dokker når dokker høyrer tittelen Rundt jorda og tilbake?
– Kva trur dokker at ei bok med denne tittelen handlar om?
På baksida står det:
«Går det an å spele så fint på gitaren at mamma og pappa blir kjærastar igjen?»
– Har dette sitatet noko å seie for korleis dokker forstår framside og tittel?
Sjangeren er drama.
– Kva veit dokker om denne sjangeren?
– Kva slags drama-bøker har dokker lese?
– Kva slags forventingar har dokker til ei bok i denne sjangeren?
UNDERVEGS:
Finn fram tre fargeblyantar eller pennar i ulike fargar før dokker set i gang med lesinga, t.d. grøn, blå og raud. Fargeblyantane skal brukast under lesinga til å markere ulike sansar med ulik farge. Føremålet er å konkretisere og synleggjere for elevane korleis teksten nyttar seg av sansekvalitetar og skildringar.
Be elevane om å starte med å lese dei første 1,5 sidene (fram til «Andreas sitt rom for å vekke han.») mens dei markerer ulike sansar med ulik farge:
Dei kan t.d. streke under ord som handlar om høyresansen med grøn, ord som uttrykker luktesansen med raud og formuleringar som tar opp synssansen med blå.
Etterpå kan elevane samanlikne kva dei kom fram til i grupper på to eller fire elevar.
Viss det var døme som var vanskelege å plassere i ein av kategoriane (t.d. «den mørke stemma til pappa» eller «skriv bokstavane våre på papiret med raud tusj»), kan det vere lurt å snakke om det i heil klasse.
Deretter kan dokker snakke om korleis det vesle utdraget bruker ulike sansar til å skape ei verd.
Når dokker er ferdige, kan elevane fortsette lesinga – med eller utan fargeblyantar.
ETTER LESINGA:
1. Snakk kort om teksten i heil klasse
Klassesamtale.
Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten
2. Opne døra til tekstverda.*
Litterære tekstar kan danne sansingar og indre bilete i lesaren. For nokre elevar er det lett å bruke sansane sine for å komme inn i ein tekst, for andre er det meir krevjande.
Opne døra til tekstverda er ein måte å jobbe med dette på gjennom å la elevane lese med vekt på sansane og på å dele inntrykk med kvarandre gjennom samtale.
a. Lukk auga
Be først elevane om å lukke auga og prøve å førestille seg: Kva slags verd er det som teksten opnar opp til? Kva ser dei for seg når dei tenker på det dei har lese? Kva slags lydar, luktar osb. tenker dei på?
b. Skriv
La elevane skrive ned kva dei førestilte seg og sansa under førre punktet, punkt a.
Be dei òg om å skrive ned kva det var i teksten som førte til at dei førestilte seg dette.
Bruk ev. punkt 1 på arket som dokker finn her.
c. Snakk
La elevane gå saman to og to for å dele det dei har skrive: Kva slags verd er det teksten skapar? Korleis opplever lesaren denne verda? Og kva er det i teksten som framkallar denne opplevinga?
Gjenta prosessen 2-3 gongar, kvar gong med ein ny partnar.
d. Skriv
Be elevane skrive ein liten refleksjon i etterkant av samtalene (punkt 2 på arket).
Det kan vere ting som dei har komme på under samtalene, nokre ord om korleis det er å fokusere på sansingar og indre bilete osb.
3. Klassesamtale.
Snakk deretter om utdraget i heil klasse.
La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.
I tillegg til å fokusere på sansingane kan eventuelt desse spørsmåla inngå i samtalen:
– Kva er den beste tida på dagen ifølge dokker?
– Kva slags inntrykk får dokker av Jonas?
– Korleis vil dokker beskrive forholdet mellom Jonas og Andreas?
– Kva synest dokker om mora? Grunngi svaret.
– Kvifor trur dokker at Jonas reagerer så sterkt når han høyrer lyden av ein trøytt fot i trappa?
– Kvifor trur dokker mora seier at snille ungar er den beste medisinen mot … alt?
– Korleis synest dokker at Jonas handterer situasjonen?
– Kvifor trur dokker at Jonas blir overraska når mora hans takkar han?
– Kva hadde dokker gjort viss dokker hadde vore i same situasjon?
– Kva trur dokker mora meiner når ho seier at «det blir forandringar framover.»
– Trur dokker ho har gode eller dårlege nyhende? Kvifor?
– På kva måte kan musikk gjere ein forskjell?
– Kva trur dokker er planen til Jonas?
– Trur dokker han kjem til å lykkast?
* Dette opplegget er tilpassa etter eit liknande opplegg frå Grib litteraturen av Ayoe Quist Henkel, Jan Frydensberg m.fl., Gyldendal, København 2020.