Undervisningsopplegg: Overtrykk

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

– Kva slags teikneseriar les du?
– Finst det ulike teikneseriesjangrar? Kva ulike typar teikneseriar kjenner du til?
– Diskuter denne påstanden: Det er lett å lese ein teikneserie fordi det er så lite tekst.
– Teikneserien heiter «Gi meg litt sjelefred». Forklar for ein medelev kva sjelefred Kva gir deg sjelefred?

Under lesing:

Les teikneserien.
– Legg særleg merke til dei delane av forteljinga der det ikkje er replikkar.
– Lag ei forteljarstemme inni deg som fortel det som blir fortalt utan ord.
– Sjå kor mykje du kan «lese» ut ifrå det som ikkje er tekst.

Etter lesing:

1. Kan du fortelje kva denne teikneserien handlar om, med tre setningar?

2. Kvar i teikneserien kan du sjå at dette er ei fantasiverd? Leit etter små og store detaljar som viser at dette ikkje går føre seg i vårt univers.

3. Miriam, hovudpersonen i forteljinga, er ei heks.

a) På kva måte kan du sjå det?
b) Liknar Miriam på dei heksene du har møtt i andre forteljingar? Korleis skil ho seg frå ei tradisjonell heks?

4. Tyra har ein skade i skuldra si. I nokre forteljingar er fysisk skade eit teikn på eit indre sår eller problem. Korleis er dette for Tyra?

5. Teikneserien har nytta ulike utsnitt og synsvinklar. No skal du finne:
– Eit totalbilete (greier du å finne det totalbiletet som nyttar fugleperspektiv?)
– Halvnært bilete
– Eit nærbilete

6. Sjå på utforminga av snakkeboblene. Kva fortel sjølve snakkeboblene om korleis personane snakkar?

7. I enkelte ruter i teikneserien ser me berre eit ultranært bilete av Miriam eller Tyra, utan replikkar.

a) Finn tre slike nærbilete utan replikkar, og set ord på kva ruta fortel.
b) Er desse nærbileta utan replikkar viktige for å fortelje historia? Kvifor tenkjer du at desse nærbileta er med i teikneserien?

8. Finn fram til ei side i teikneserien som du likte. Gå til Pixabay eller ei anna side med musikk utan opphavsrettar.

a) Finn bakgrunnsmusikk som kan passe til stemninga og handlinga på teikneseriesida. Kan du finne musikk som endrar opplevinga av teikneseriesida?
b) Gå i grupper og del musikken de har valt. Er de einige i val av bakgrunnsmusikk, eller har dei andre på gruppa andre tankar om kva musikk som passar?

 

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her.