Undervisningsopplegg: Soldagen
Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.
Før lesing:
I dette utdraget skal du lese om noko som skjer på soldagen. Soldagen er den dagen sola kjem tilbake etter mørketida. Fleire stader i Nord-Noreg feirar ein denne dagen. Sola kjem tilbake til Alta 17. januar, Tromsø 21. januar og Longyearbyen på Svalbard først 8. mars.
a) Korleis opplever du det når dagane blir lengre?
b) Sol, mørke, lys og skugge kan samstundes vere bilete på noko anna. Kva kan desse uttrykka bety?
– det går mot lysare tider
– å få noko fram i lyset
– å tole dagens lys
– lyssky aktivitet
c) Kjenner du fleire slike uttrykk der lys, skugge, mørke, dag eller natt er nytta som eit språkleg bilete?
d) Kan tittelen Soldagen handle om noko meir enn berre sjølve festdagen?
Utdraget du skal lese, handlar mellom anna om å ha tillit til andre personar
– Kva meiner du må til for at du skal kunne stole på ein person?
Under lesing:
Fleire stader i teksten må personar bestemme seg for om dei vil stole på kvarandre. Legg merke til kvifor dei vel å stole på den andre, eller kvifor dei ikkje gjer det.
Etter lesing:
a) Kvifor mistenkjer Jens at det er Ilias som har tatt pengeskrinet?
b) Sjå på dette utdraget: «Ilias vil rive himmelen i bitar. Den tunge himmelen som har pressa han mot bakken heile vinteren. Han vil brøle så frosten sprekk og fargane kjem tilbake.» Kva betyr dette, trur du?
c) Kvifor stolar Maja på Nils? Kvifor vil ho hjelpe han?
d) «Det er sånt som skjer når du stolar på folk», seier Nils når han skal forklare at han er forslått i andletet. Er du einig? Er det farleg å stole på andre?
e) Kva trur du Maja kjem til å gjere vidare i denne forteljinga?
f) Snakk saman. Lag ei liste over gode råd for å bygge tillit til andre personar. Kva må til for at andre skal stole på oss? Samle svara til ei felles liste for klassa.
Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her.