Aktivitet: Udyret i tunnelen

Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.

Kva ser ormen?

Ei sentral scene i tekstutdraget vi nettopp har lese, er når Åsta møter ormen. Forteljinga blir fortald frå Åsta sin synsvinkel, det betyr at vi får vite kva ho føler og tenkjer når ho møter ormen. Dette gjer at vi som lesarar kan leve oss inn i Åsta sine opplevevingar. Kva skjer med forteljinga om vi også får tilgang til ormen sine tankar og følelsar? Du skal no fortelje om møtet mellom Åsta og ormen, men du skal skrive frå ormen sin synsvinkel. 

Her er nokre tenkjepunkt som kan hjelpe deg å kome i gang med skrivinga:

– Kva tenkjer og føler ormen når han ser Åsta nærme seg? Opplever han ho som eit skummelt trugsmål, eller berre som ein merkeleg skapning som gjer han nysgjerrig?
– Korleis opplever ormen måten Åsta oppfører seg på? Skremmer ho han, eller gjer oppførselen hennar ormen sint?

Illustrasjon

Du kan no velje mellom følgjande tekstskapingsoppgåver:

a) Datagenerer bilete av forteljinga vi nettopp har fått opplese. Vel deg ut fire viktige punkt i historia som du vil skape illustrasjonar til gjennom å datagenererte bilete. Skriv ei kort forklaringstekst til kvart bilete. Lim bileta og forklaringsteksten inn i ein presentasjon. Spør læraren din om kva slags KI-program dokker har lov til å bruke på skulen dokkar.

Presenter historiene for kvarandre

b) Lag ein teikneserie av forteljinga vi nettopp har fått opplese. Teikneserien skal ha fire ruter, og i kvar rute skal det vere teikningar og tekstbobler. Tenk over kva slags fire punkt som du meiner er dei viktigaste i forteljinga. Prøv å få fram kva som skjer i handlinga, gjennom tydelege teikningar. La karakterane fortelje med snakkebobler.

Presenter teikneseriane for kvarandre