Undervisningsopplegg: Udyret i tunnelen
Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.
Før lesing:
Samtal to og to saman før vi går vidare til ein større klasseromssamtale.
Bokframsida – samtaleoppdrag
1) Studer bokomslaget, og prøv å skildre det du ser. Kva legg du merke til?
2) Kva slags fargar vert brukte i biletet på bokframsida? Kvifor er desse fargane brukte, trur dokker?
3) Om bokframsida hadde vore i pastellfargar, hadde du opplevd ho annleis? Korleis då?
4) På bokframsida ser vi eit innslag av fargar. Kva viser dei gule auga til, trur du?
5) Kvifor har dei som har laga bokframsida, valt å vise udyret på denne måten, trur du?
6) Kva trur du denne boka handlar om? Utfordring: Du har ikkje lov å bruke orda i tittelen når du skal kome med forslag til kva spenningsboka handlar om.
7) Kva tenkjer du på når du høyrer ordet «udyr»?
8) Kjenner du til andre forteljingar, anten i bokform , gjennom spel eller på film, som handlar om udyr?
9) Kvifor er forteljingar om og med udyr så populære for barn og ungdom, trur du
10) Teikneoppgåve: Finn fram teiknesakene og teikn eit udyr slik du ser det i fantasien din. Heng opp teikningane i klasserommet, og studer kvarandre sine udyr. Korleis skil udyra seg frå kvarandre? Er det nokon udyr som er like?
Leseoppdrag
To og to: Les utdraget høgt for kvarandre. Det er hen som har stått opp seinast i dag, som skal byrje å lese.
«Det er noko stort som rører seg i den underjordiske elva under byen der Åsta bur. Kvar gong Åsta skal i trehytta si i skogen, går ho forbi jerngitteret der elva renn inn under byen. Ein dag ser ho brått eit par gule, store auge bak gitteret. Åsta føler at skapningen der inne ber ho hjelp. Kanskje er det fordi ho sjølv har vore frosen ut av klassen og åleine på skulen, at ho kjenner medynk med den innesperra skapningen. Ho får med seg den nye besteveninna Lone for å undersøke».
Samtaleoppdrag
1) Kven er hovudpersonen i forteljinga vi no skal lese?
2) Kva får du vite om hovudpersonen?
3) Kva får du vite om udyret?
4) Kva slags kopling er det mellom hovudpersonen og udyret?
Under lesing:
På side 59 gjer vi eit lesestopp etter setningane:
«Der var han.
Ormen.
Ho hadde ikkje berre innbilt seg det. Ho stod attmed eit dyr som berre høyrde til i dei verste mareritta. Men han var verkeleg, verkelegare enn noko anna. Han levde, pusta, kveste. Akkurat her, akkurat no.»
Skrive- og presentasjonsoppdrag
Bruk ti minutt til å skildre ormen så levande som mogleg. Målet med skildringa er at lesaren skal klare å sjå ormen for seg. Bruk mange ulike adjektiv for å skildre korleis ormen ser ut, korleis han luktar og beveger seg.
Les skildringane opp for kvarandre før dokker les vidare i tekstutdraget.
Fokus under lesinga
Legg ekstra godt merke til korleis ormen vert skildra. Skriv ned stikkord som du kan bruke som støtte under klassesamtalen.
Etter lesing:
Samtale- og teikneoppdrag
To og to saman, deretter klassesamtale.
1) Kva handlar dette tekstutdraget om?
2) Kva punkt i handlinga opplevde du som mest spennande, og kvifor?
3) Samarbeid om å teikne ei spenningskurve som viser korleis spenninga utvikla seg gjennom handlinga i teksten.
4) Kva gjorde at spenninga auka eller minka i handlinga?
5) Var det noko du vart overraska eller skuffa over i handlinga?
6) Om du skulle ha fortalt nokon andre om Åsta, korleis ville du ha beskrive ho?
7) Korleis blir ormen skildra i tekstutdraget? Ser han ut slik du hadde forventa, eller ikkje
8) Over kva slags tidsrom utspeler handlinga i tekstutdraget seg?
9) Kvifor brukar forfattaren så lang tid på å fortelje det som skjer, trur du?
10) Korleis oppførte Åsta seg mot ormen slik at han ikkje skulle bli sint?
11) Om du hadde møtt eit skummelt vesen eller dyr på tur i skogen, trur du at du hadde klart å halde deg roleg? Korleis trur du at ein av venane dine ville reagert på same situasjon?
12) Får vi ei slags forklaring på kvifor ormen er så hissig? Fortel.
13) Kva trur du har skjedd med ormen?
14) Vi har alle opplevd å få skrubbsår, kanskje til og med større sår. Desse såra er lette å leggje merke til, fordi vi kan sjå dei. Av og til så høyrer vi om menneske som har usynlege sår. Kva trur du det betyr?
15) Kva slags spørsmål sit du att med etter å ha lese tekstutdraget? Er det noko det ønskjer svar på?
16) Kva trur du skjer vidare i spenningsboka? Korleis går det med ormen og Åsta?
17) Fekk du lyst til å lese vidare i Udyret i tunellen ? Kvifor / kvifor ikkje?
Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her.