Aktivitet: Du veit ingenting

Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret og Foreningen !les.

– Lag eit fint kort, skriv ei helsing og send (eller gje) det til ein person som har hatt noko å seie for deg. Kortet kan gjerne vere til ein person det er ei stund sidan du har treft.

– Syng ein song om vennskap, gjerne «Kom som du er». Om du vil, kan du også lære deg dansen. Sjå her

– Kva meiner du er viktig med ein god venn? Snakk med andre i klassen. Kan dokker lage ei oversikt over kva eit godt vennskap må innehalde?