Undervisningsopplegg: Du veit ingenting

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

Snakk saman om kva dokker ser på framsidebildet.

Sjangaren er realisme. Kva betyr det? Veit dokker om andre bøker i denne sjangeren?

Under lesing:

Del klassen i tre (eventuelt i seks, då får to grupper same oppgåve). Den eine gruppa følgjer med Tina, den andre legg spesielt merke til Anna, og den tredje til Erika. Kva slags inntrykk får dokker av den personen dokker følgjer?

Etter lesing:

Dokker kan jobbe med spørsmåla individuelt, i par eller i gruppe. Dokker kan svare skriftleg eller munnleg. Snakk saman om spørsmåla i klassen etterpå.

– Kva inntrykk får dokker av Anna og Tina? På kva måtar synest dokker dei er like eller ulike?

– Kva får vi vite om Erika? Snakk saman om det dokker la merke til medan dokker las utdraget.

– Kva trur dokker Tina meiner når ho tenker «Ho blir som ein fisk på sykkel når Gustav er nær» (s. 75).

– Kvifor liker ikkje Anna at Tina fortel at dei går på ungdomsskulen?

– Erika kan mange gonger vere ei utfordring for Tina, fordi ho kan slå seg vrang og skrike. Men dei har også fine stunder saman. Kva kjensler har Tina for Erika i dette kapittelet du har lese?

– «Eg ofrar meg for Anna, fordi det er sånt venner gjer», tenker Tina. Diskuter om ein alltid skal gjere noko for vennene sine, eller om det finst grenser for å stille opp.

– Mamma seier at Tina er så fin utan sminke. Då tenker Tina at det er ein klage kledd ut som ein kompliment. Kva meiner Tina med det?

Skriveoppgåver:

– Skriv ein kort presentasjon om ein person du liker godt, og litt om kvifor du liker vedkommande. Det kan vere ein ven, ein familiemedlem eller ein kjendis.

– Skriv ein tekst om ein gong du har gjort noko hyggeleg mot ein annan person, eller om ein gong ein person har gjort noko hyggeleg mot deg. Skriv om kva det hyggelege var, og kva kjensler du kjente på då.

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her