Aktivitet: Full bajas

Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.

– Bruk nettbrett eller telefon. Ta bilete av fem ting som er perfekte og fem ting som er uperfekte. Lag ein collage, og skriv inn setningar som du synest passar til bileta. Heng opp collagen i klasserommet.

– Lag ei liste med ting som du er fornøgd med i livet ditt. Dei treng ikkje vere perfekte, berre du er fornøgd med dei!

– Lag ein teikneserie av utdraget frå Full bajas – der Orion får beskjed om å verte perfekt «uperfekt». Du kan dikte vidare på historia også, om du vil!

– Orion er musikar og spelar fløyte i korpset. Finn eit musikkstykke med fløyte på YouTube, til dømes dette:

Lytt til musikken med øyreklokker og attlatne auge. Skriv ein liten tekst som passar til musikken. Det kan vere fargar eller bilete du såg føre deg – eller noko heilt anna som du tenkjer høver til musikken.

– I Japan har dei ein teknikk dei kallar kintsugi. Når ein keramikkgjenstand har vorte knust, reparerer dei han med gull, slik at gjenstanden blir vakker på ein ny måte, sjølv om han er «uperfekt». Kva kan dette lære oss om menneskelivet? Skriv ei lita historie om noko som vert øydelagt, men som likevel vert perfekt «uperfekt».