Undervisningsopplegg: Full bajas


Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret og Foreningen !les.

Før lesing:

– Korleis er ein perfekt sjuandeklassing? Tenkeskriv i fem minutt.

– Kva trur de ein bajas er? Diskuter med naboen, og skriv ned fem adjektiv som kan skildre korleis ein er når ein er «full bajas».

– Be elevane sjå på framsida, og snakk om kva dei ser. Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida av boka? Kva for detaljar er det i illustrasjonane?
– Kva for stemning formidlar bilete, fargebruk, kontrastar – skummel, spennande, artig, tøysete, hysterisk, trist?
– Kva er det som gjer at de får den kjensla?
– Kva er tittelen på boka?
– Kva er ein bajas? Finn eitt eller fleire synonym.

Under lesing:

Når vi no skal lese teksten, er det lurt å ha ein blyant i handa.

Vel eit fokusområde før du byrjar å lese:

Strek under ord som har meir enn éin stor bokstav. Kvifor har forfattaren brukt store bokstavar?

Set strek under alle setningar som fortel noko om korleis Orion er som person.

Set strek i margen når du les …

– noko som er interessant for deg.
– noko du lurer på.
– noko som er spennande.

Etter lesing:

– I dette utdraget er det ein stor kontrast mellom Orion før han er på utviklingssamtalen, og når han vaknar neste dag. Først er han perfekt, dagen etter kanskje meir «uperfekt».

Fyll ord inn i tabellen som viser korleis Orion er                                                  

– Perfekt og uperfekt er motsetningar. Vi kallar ord som betyr det same, for synonym, og ord som betyr det motsette, antonym. Finn synonym og antonym til desse orda: flink, arrogant, vitskremt, entusiastisk, barbarisk, stolt

– Skriv ei forteljing om kva som skjer med Orion når han kjem inn i klasserommet som ein bajas.

– Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassen og sjå om de kan kome fram til ei felles vurdering.

Likte de utdraget frå Full bajas? Kvifor / kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å fortelje om leseopplevingane sine og meiningane som betyr noko for dei. Det går an at vurderinga inneheld argument både frå dei som likte, og dei som ikkje likte utdraget så godt.

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her