Aktivitet: Jenny Fender

Desse aktivitetane er laga av Foreningen !les.

– Signe seier at Jenny såg ut som ei rockestjerne då ho prata i mikrofonen på bussen. Korleis ser ei rockestjerne ut? Lag ei teikning.

– Det er mange musikkreferansar i Jenny Fender. Kvart kapittel startar til dømes med ein song og lenkje til Spotify. Finn ut meir om songane og artistane, og hald ein presentasjon for klassa. Lag ei speleliste i klassa med songane frå Jenny Fender.

– Musikken i boka er mest rock, men også andre sjangrar. Finn ut kva slags sjangrar det er snakk om. Lag ei oversikt. Kva slags musikk likar du? Lag ei speleliste eller hald ein presentasjon for klassa om smaken din. Kanskje det er andre elevar som likar det same?

– Korleis er det å vere forelska? Er det berre bra? Sett saman ei oversikt med songar som handlar om å forelsking/kjærleik.

– Kvifor handlar popmusikk ofte om kjærleik? Tenk sjølv, diskuter i grupper og del med resten av klassen.

– Oppfordring: Spel sjølv! Spelar du eit instrument, eller har du lyst til å det? Vi oppfordrar deg til å spele aleine, saman med andre, lage eit band, berre spel i veg. Bruk musikkrommet på skulen viss det finst.