Undervisningsopplegg: Jenny Fender

Dette undervisningsopplegget er laga av Foreningen !les.

Før lesing:

Jenny Fender er ein roman. Sjå på framsida av boka. Dette vert også kalla bokomslag. Legg merke til tittelen på boka. Kvifor heiter boka nettopp dette?

Samtale i klassen:

Korleis vil dokker beskrive illustrasjonen? Kva detaljar legg dokker merke til? Kva er eit hovudtema her?

Tittelen på boka er Jenny Fender. Kva tenkjer de er samanhengen mellom tittelen og illustrasjonen på framsida? Kva er ein Fender?

På baksida av boka står det:

«Bandet er kaputt. Ferien er kaputt. Livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deppa. Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med skeivt smil og gjer Jenny heilt svimmel.»

Prat i grupper på 3–4:

Har denne baksideteksten noko å seie for korleis de forstår framsida og tittel?

Boka er skriven av artisten, multikunstnaren og forfattaren Heidi Marie Vestrheim. Kva veit de om sjangeren roman? Kva forventingar har de til romansjangeren? Kva kan de finne ut om Heidi Marie?

Under lesing:

Eleven/klassen les sjølv eller lyttar oppmerksamt til teksten (høgtlesing av læraren eller lydspor i undervisningsopplegget). Dei kan også ta notat undervegs, eller setje strek under ord eller setningar dei synest er rare eller oppsiktsvekkande.

Etter lesing: 

Oppgåve i læringspar: 

– Finn du setningar i utdraget som skildrar desse interessene og personane: musikk, venskap, Jenny, Signe, skule? Skriv dei i tilfelle ned.

Gruppeoppgåve:

– Kva setningar har de funne fram til? Er dei like eller ulike?

– Snakk saman og forklar ordklassane adverb og adjektiv.

– Kva adverb tenkjer de kan skildre venskap og musikkinteresse?

– Kva adjektiv tenkjer de kan skildre Jenny og Signe?

Temasamtale:

– Læraren fortel: Jenny Fender handlar blant anna om å kunne vere fri og open om kven ein er forelska i. Jenter kan vere glade i jenter, gutar kan vere glade i gutar, og jenter og gutar kan vere glade i kvarandre.

FN sine berekraftsmål er ein felles arbeidsplan som verda har for å utrydde fattigdom, fremje likeverd og stoppe klimaendringar innan 2030. Sjå særleg på berekraftsmåla god helse og livskvalitet, likestilling mellom kjønna, mindre ulikskap, og fred, rettferd og velfungerande institusjonar.

Undervis om kva menneskerettar er (Den internasjonale fråsegna om menneskerettane). LES MEIR HER

Snakk saman om kvifor fridom til å elske kven ein vil, er menneskerettar og ein del av berekraftsmåla til FN.

Drøft:
– Kva er å vere ein god venn?
– Kva kan de finne ut om kampanjen #Tacklehomophobia?
– Kvifor trur de det er viktig at til dømes musikkmiljø er trygge og likeverdige møteplassar for alle?
– «Å vere skeiv i ei lita bygd er vanskelegare enn i ein større by». Diskuter påstanden. Er dokker enige? Uenige? Grunngje svara dokkar.

Gruppesamtale:
Bruk spørsmåla under som utgangspunkt for litterære samtalar i læringspar eller mindre grupper:

– Boka, og utdraget startar «in medias res». Kva er det, og korleis kan vi sjå det?
– Kvar ligg Liarbygda? Finn plassen på eit kart. Kva for slags inntrykk får du av bygda slik ho er beskriven i utdraget?
– Kva for ei rolle har Jenny i klassen, trur dokker?
– Kven har blitt kjærestar på leirskulen?
– Kva er å «headbange»?
– Kven er «The Runaways»? Sjekk om du kan finne noko meir om bandet.
– Korleis ser blikket som læraren gjev Jenny på side 7, ut, trur dokker?
– Boka er i 1. person, med «eg» som forteljar. Kva gjer det med historia?
– Kvifor kallar Signe og Jenny dei andre i bussen for «losers»?
– Kva meiner Jenny med «meg og deg» på side 8?
– Kven er Amy Winehouse? Sjekk om du kan finne noko meir om Amy Winehouse.
– Korleis gjekk det med røykeeksperimentet til Jenny?
– Kvifor dynka dei seg i parfyme før dei gjekk på bussen igjen? Kva er lavendel?
– Kvifor lurar Jenny på om Signe har superkrefter?
– Korleis blir fjellet beskrive på side 14?
– Kva er hovudtema for boka? Er det fleire? Sett opp ei liste.

Oppsummering:

– Korleis var det å lese denne teksten? Var han lett å lese eller vanskeleg å lese?
– Korleis svarte teksten til de forventningane de hadde før de begynte lesinga?
– Kva likte de med utdraget frå Jenny Fender?
– Og kva likte de ikkje? Kvifor?

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her