Aktivitet: Pepar & Gulrot

Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret.

– Pepar & Gulrot er ein teikneserie. Kva andre teikneseriar kjenner du til? Kva slag teikneseriar liker du best? Lag ei oversikt og del med dei andre i klassen. Er det nokon som liker dei same teikneseriane? Oppdagar du noko nytt?

Pepar & Gulrot finst på mange ulike språk. Prøv å omsetja episode 1 frå svensk (eller eit anna språk du skjønar) til nynorsk – utan å sjå på den nynorske omsetjinga som alt finst. Når du er ferdig med å omsetja, kan du samanlikna omsetjinga di med den eksisterande nynorskomsetjinga. Kva var likt? Kva var ulikt?

Sjå svensk utgåve her
Sjå nynorskutgåva her

– Serieskaparen David Revoy driv ikkje berre med teikneseriar. Han har til dømes vore konseptteiknar for den ordlause, animerte kortfilmen Spring (Vår). Skriv eit vårdikt med utgangspunkt i stemninga i filmen.

Sjå filmen under: