Undervisningsopplegg: Pepar & Gulrot

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

– Denne teikneserien er i fantasy-sjangeren. Kva veit du om den sjangeren?

– Tittelen på historia er «Røystesystemet». Kva tyder «å røysta»?

– Kva trur du ei fantasy-historie med den tittelen kan handla om?

Under lesing:

Les dei fyrste sidene av teikneserien, fram til side 55 der konkurransen skal byrja.

– Korleis fungerer røystesystemet i trolldomskonkurransen?

– Trur du at det kjem til å vera «eit perfekt system», slik Pepar seier?

Etter lesing:

Samtale i heil klasse

Snakk saman i klasserommet:

– Kva trur du Pepar meinte då ho sa at røystesystemet var nyskapande, underhaldande og demokratisk?

– Kvifor fekk Safran so mange poeng, sjølv om trikset hennar vart mislukka? Kven i publikum trur du røysta på henne?

– Korleis endra deltakarane magien sin på slutten? Kvifor det, trur du?

– Kvifor har ikkje Pepar tru på dette røystesystemet meir?

– Kjenner du til andre stader der ein røystar fram innhald ved å trykkja «tommel opp», hjarte eller liknande? Korleis kan måten me gjev tilbakemelding på, påverka kva innhald som vert laga, trur du? Kva kan vera positive sider med slik «tommel-opp-tilbakemelding», og kva kan dei negative sidene vera?

Vurdering

Snakk om teikneserien i grupper på 4–5 elevar.

– Liker du denne teikneserien?

– Kvifor/kvifor ikkje?

Deretter kan de diskutera teikneserien i heile klassen og koma fram til ei felles vurdering. Det er viktig at synspunkta er grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføra leseopplevingane og meiningane sine.

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her