Aktivitet: Tusen elgar i garasjen

Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret og Foreningen !les.

– Lag ei dyremaske i papp. Du kan måle dyreansiktet eller finne tekstilar du kan lime på.

– Syng ein eller fleire songar som handlar om dyr. Dokker kan dele klassen i to eller fleire lag,
og synge songar om dyr kvar sin tur. Den gruppa som ikkje kjem på fleire songar, tapar utfordringa.

– Lag ei faktaoversikt om elgen og presenter for klassen.

– Skriv eit dikt om favorittdyret eller kjæledyret ditt. Les høgt for kvarandre.