Undervisningsopplegg: Tusen elgar i garasjen

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

Kva forventningar har du til dikta i ei diktsamling som heiter Tusen elgar i garasjen?

På framsida ser du ein elg og fleire andre dyr. Kva dyr ser dokker? Kva anna enn dyr finn du på framsida?

Under lesing:

Læraren bør lese dikta høgt for klassen, gjerne meir enn ein gong. Ein kan også høyre på dei innspelte lydfilene. Elevane skal ha ein blyant i handa medan det blir lese. Dei ringar rundt ord eller setningar dei synest er morosame eller underlege.

Etter lesing:

Elevane samanliknar to og to (eller i grupper på tre) dei orda dei har sett ringar rundt. La dei diskutere om dei er samde om kva som er morosamt eller underleg.

Elevane skal no lage eigne dikt etter inspirasjon frå desse dikta. Dei kan gjerne arbeide saman to og to, og velje ei av oppgåvene.

a) Ikkje gjer dette, fordi då kan dette skje … (her finn elevane på hendingane sjølv)

b) Ting du kan gjere når du kjedar deg …

c) Tenk om du kunne …

d) Vel eit dyr, og skriv om kva du trur dyret gjer når vi menneske ikkje ser det.

e) Ein sommar gløymde eg å ….

Lag ein illustrasjon som passar til diktet.

Eit spørsmål til kvart dikt:

Mauren: Kva tyder det å ha maur i rumpa?

Pust: Korleis har du det når du har det travelt? Skriv ei liste over kva du gjer då.

Tånaglen: Tenk på kva nasen eller øyret ditt kunne bli til om dei kunne vekse og bli til noko du kunne gje søstera di til jul.

Ting du kan gjere når du kjedar deg: Snu tankegangen rundt, og lag ei liste med ting du gjer når du har det morosamt.

Tusen elgar i garasjen: Kva må til for at ein kan få tusen elgar i garasjen? Er det noko anna du heller ville hatt tusen av? Grunngje svaret ditt.

Kua: Besjeling er eit verkemiddel som ofte blir brukt  i dikt. Då får dyr eller ting menneskelege eigenskapar. Kva har denne kua til felles med menneske?

Skriveoppgåver:

– Skriv ein tekst om kva du liker best med naturen.

– Dersom du kunne vere eit dyr, kva dyr ville du då ha vore? Skriv ei forteljing om ein vanleg dag i livet til det dyret du har valt.

– Tenk deg at du fekk vere med i «Maskorama». Kva slags kostyme ville du hatt då? Kva song ville du ha sunge? Skriv ein tekst om dette, og teikn ei teikning av kostymet ditt.

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her