Opplegg til Historia om Erling Braut Haaland

av Ørjan Zazzera Johansen. Illustrert av Thomas Kirkeberg

FØR:

Sjå på bokomslaget og ha ein samtale i klassa. Bruk gjerne spørsmåla under for å kome i gang med samtalen.

1. Vi veit kven boka handlar om, men kva trur du sjølve boka handlar om? Kva for hendingar trur du forfattaren har fokusert på?

2. Sjå på bokstavutforminga. Kvifor trur du illustratøren har valt å skrive bokstavane slik?

3. Kvifor trur du forfattaren har valt akkurat desse illustrasjonane?

4. Kva for fotballdrakter ser du?

5. Kan du kjenne deg igjen i noko av det du ser på framsida?

UNDER:

1. Set strek under alle plassar i utdraget der forfattaren beskriv kva Erling gjer på fotballbana.

2. Merk også av dei avsnitta i teksten du tenkjer kan vere inspirerande for alle som ynskjer å bli betre til det dei driv med. Det treng ikkje å vere fotball.

ETTER:

Individuelt arbeid:

Lukk boka og skriv ei kort oppsummering av det du hugsar frå utdraget. Er det noko som har festa seg?

I læringspar:

Fortel læringspartnaren din kva du har skrive ned. Kva er likt? Kva er ulikt? Kvifor er det slik, trur du?

Felles:

La elevane dele det dei skreiv i oppsummeringa si.

Snakk saman i klassa om innhaldet og om Erling Braut Haaland.

Forslag til spørsmål til samtalen:

1. Ser du nokon særtrekk ved Erling Braut Haaland som ikkje andre fotballspelarar har?

2. Kva innverknad har Erling sine prestasjonar hatt på fotball i Noreg?

3. Kva for årstal og kva hending kan ein seie er svært sentrale i karrieren til Erling? Det kan vere fleire.

4. Kva skjedde sommaren 2000? Og kvar skjedde det? Kvifor akkurat der?

5. Fleire av Erling sine familiemedlemmar har vore idrettsutøvarar. Har det hatt noko å seie for hans eiga satsing på idrett, trur du? Grunngje svaret ditt.

6. Kva fann du av informasjon i teksten som seier noko om geografi?

7. Korleis ser du for deg kampsituasjonen som er beskriven på side 8?

8. Kor mange minutt trong Erling på å score det første meisterligamålet sitt?

9. Kva synest du om illustrasjonane på side 10 og 11? Beskriv dei stemninga i kampen? Grunngje svaret ditt.

10. Når ein skårar tre mål i ein kamp, så heiter det «hat trick». Søk på nettet og finn ut kvifor!

11. Finn ut meir om Bryne og Jæren. Bruk fleire ulike kjelder.

12. Kvifor er det gildt for Erling å skåre mot Viking? Kva er eit «lokal-derby»?

13. Erling har blitt eit førebilete for tusenvis av unge. Kva er viktig å gjere når ein er det?

Heilt til slutt kan du be elevane kome med kommentarar til utdraget.

– Kva tenkjer de om utdraget? Gjev det eit godt bilete av Erling Braut Haaland, kven han er og kvar han kjem ifrå? Be elevane grunngje svara.