Opplegg til Pest og plage

av Anders Totland
illustrert av Martin Ernstsen

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR LESINGA:

Sjå på bokomslaget og ha ein samtale med klassen. Bruk gjerne spørsmåla nedanfor for å kome i gang med samtalen.

– Kva trur de boka handlar om?
– Er tittelen positivt eller negativt ladd?
– Sjå på bokstav-utforminga. Kvifor trur de illustratøren har valt å skrive bokstavane slik?
– Kvifor trur de forfattaren har valt akkurat denne illustrasjonen?
– Kven er personen på biletet, trur de?
– Kan de kjenne dykk att i noko av det de ser på framsida?

UNDERVEGS:

– Set strek under alle årstal i teksten.
– Merk også av dei avsnitta i teksten som kan minne om korona-pandemien.

ETTER LESINGA:

Individuelt arbeid:

Del ut tidslinja til elevane og be dei fylle inn hendingane til rett årstal. (fasit til tidslinja)

Klassevis:

Be elevane studere tidslinja, og ha ein klassesamtale om ho.
Spørsmål som kan stillast i samtalen:

– Ser de nokon særtrekk ved tidslinja? (Hyppigheit på utbrot?)
– Kva innverknad på samfunnet fekk svartedauden? (skriftspråk utsletta, nytt skriftspråk vart dansk, fråflytta gardar)
– Kva for årstal og kva hending kan ein seie er svært sentralt på tidslinja? (Vaksine 1796, vaksine til Noreg 1801).
– Kva skjedde i 1810? (Lov om at alle skulle vaksinere seg.) Kva tenkjer de om ei slik lov? Korleis er det med lover om vaksine i dag?
– Kva fann de av informasjon i teksten som kan minne om den pandemien vi sjølve har vore gjennom/framleis står i? (Svartedauden: karantene på skip, strenge tiltak i Nord-Italia: isolasjon, avstandsreglar på skulen, ikkje lov å reise, berre næraste familie fekk delta i gravferder.)

Heilt til slutt kan du be elevane kome med kommentarar til utdraget.

– Kva tenkjer de om utdraget? Gir det eit godt bilete av sjukdomssituasjonen opp gjennom åra? Be elevane grunngje svara.