Opplegg til Skallen

av Harald Nortun

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR:

Klassesamtale:

1. Sjå på framsida av romanen. Kva er det dokker legg merke til? (Skrift, person(ar), omgjevnader)

2. Kva trur dokker denne romanen handlar om?

3. Kva tenker dokker på når dokker høyrer ordet Skallen? Korleis passar tittelen Skallen til det dokker trur om handlinga?

4. Kva forventningar har vi til ein tekst som er omtalt som grøss?

5. Veit dokker om andre bøker eller filmar som er grøssarar?

UNDER:

Kva ord eller setningar er det som er med på å skape spenning eller uhygge? Set strek under medan dokker les.

ETTER:

1. Skriv opp dei orda/setningane elevane har plukka ut medan dokker las, på tavla/skjermen. Det kan t.d. vere desse: spøkelsestimen, knekk i bjørkeskogen, mørke, ei røvarhole, kjensla av å bli sett, meldinga med «ikkje virus», inga dekning, ein skalle, eit gjenferd, auga som lyser. Samtal i klassen om kvifor og korleis desse orda er med på å lage spenning eller uhygge. Kva ordklasse høyrer desse orda til?

2. Finn eitt eller fleire adjektiv til desse substantiva som gjer at dei blir skumlare:

huset, båten, skogen, loftet, mannen, øksa, latteren, teltet.

Skriveoppgåver:

1. Kva hender med Ben og Erik denne natta? Skriv vidare på forteljinga.

2. Plukk ut tre av orda på tavla og bruk dei i ei anna spennande forteljing.

Skriv eit femlinjersdikt der første linja kan vere: spøkelse, auge, skallen, kniven eller andre ord som signaliserer noko skummelt. Les om femlinjersdikt her

Vurdering:

Snakk om Skallen i grupper på 3–4 elevar.

– Kva likte du best? (Handlinga? Karakterane? Stemninga? Naturen?)
– Kva likte du minst?
– Kvifor?
– Kva ville du gjort annleis?
– Kva meiner du er godt gjort?

Diskuter grøssaren i heile klassa og kom fram til ei felles vurdering. Det er viktig at synspunkta er grunngjevne, at rammene er hyggelege, og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane og meiningane sine.