Opplegg til Trolldom: Uforlikt

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret.

FØR:

1. Serien heiter «Trolldom». Kva sjanger trur de at teikneserien er i, dersom de tek utgangspunkt i namnet?

2. Kjenner de andre historier der trolldom er eit viktig element?

3. Undertittelen til denne forteljinga i Trolldom-serien er «Uforlikt». Kva tyder det ordet? Kva tyder det motsette – å vera forlikt? Slå opp på både «forlikt» og «uforlikt» her

UNDER:

Legg merke til relasjonane mellom folk og korleis dei utviklar seg. Kven har noko uoppgjort?

ETTER:

Snakk saman i klassen.

1. Ta opp tråden frå samtalen om ordet «uforlikt». Kven er uforlikte i denne serien? Er det fleire tilfelle av folk som er uforlikte?

2. Kven er Mikke, og korleis tolkar de relasjonen hans til Lily?

3. På kva måtar trur de at møtet med Mikke påverkar korleis Lily er mot Anya når ho kjem heim att?