Opplegg til Vulkanen vaknar. Overleve 1

av Tor Arve Røssland. Illustrert av Nikolai Lockertsen

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret.

FØR:

Samtalespørsmål.

1. Sjå på framsida til boka. Kva element legg du merke til? Kva legg dokker merke til med bruken av fargar? Kva trur du denne boka kan handle om?

2. Kva type bok trur du det er?

UNDER:

1. Les prologen høgt saman. Sjå saman på eit kart, og finn ut kvar stadane som blir nemnde, ligg.

2. Sjå på framsida ein gong til. Får dokker nå meir inntrykk av kva boka kan handle om?

3. Les vidare, og strek under det som fortel at hendingane går føre seg i ei framtid.

ETTER:

Elevane kan arbeide med spørsmåla to og to, eller det kan vere felles klassesamtale.

1. Kven er forteljarane? Kva får vi vite om desse to personane?

2. Lag eit Venn-diagram (sjå døme nedanfor) og samanlikn hovudpersonane.

3. Kvifor er Eira så sint?

4. Kva slags oppdrag skal Eira og Jamal vere med på?

5. Kva er annleis med Noreg og reglane her i denne framtida samanlikna med nå?

6. Teikn og forklar kva du trur desse tinga er: mediebibliotek, hologramprojektor, satnettet.

Skriveoppgåver:

1. Korleis tenker du deg at det er i Noreg når du er 30 år? Skriv ein tekst.

2. Embret seier: «Du veit at du har deg sjølv å takke for dette. Det du gjorde, var utilgiveleg. Vi har oppdradd deg betre enn dette». Skriv ein kort tekst om kva du trur Eira har gjort.