Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Apetryne

Atle Hansen Samlaget 2017

Arne er ofte aleine, men ein dag inviterer Simon og Ivar han med på telttur. Der treffer han Anna, og alt er fint. Heilt til Simon byrjar å herme etter han.

EG TRUR DET er mor til Simon
som seier at dei skal be meg med på telttur.

Eg møter henne då eg syklar
att og fram på vegen
mellom husa våre.
– Er du heilt aleine, Arne? spør ho.
Eg nikkar med hovudet
og kjenner ein klump i brystet.

– Er det ingen du kan vera med? spør ho.
Eg svarar henne ikkje,
men snur og syklar heim.

Eg går opp på rommet mitt
og finn fram ei av bøkene
eg har lånt på biblioteket,
men får ikkje med meg verken handling eller ord.

Eg ligg berre stille på senga
og ser på sidene
og håpar nokon vil spørja kor eg var.

Det bankar på døra.
Mamma kjem inn.
– Du har fått besøk, seier ho.
– Simon og Ivar er her.

Dei står ved hageporten.
– Blir du med oss på telttur? spør Simon.
– Ivar har telt med.
Me har sett det opp inne i skogen.
– Sjå her! seier Ivar
og tek fram mobiltelefonen.

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Sjå forfattarens heimeside her.

Les intervju med forfattaren her.

Sjå andre bøker av forfattaren her.

«Boka gjorde meg avhengig», skriv 11 år gamle Gregor Notøy om Apetryne på Framtida jr. Les bokmeldinga her.

Det finst mange stader ein kan få hjelp dersom ein blir eller veit om nokon som blir mobba. Les meir på Ung info.

Boktips:
Flukt av Atle Hansen.
Skriv i sanden av Marjun Kjelnæs.
The rise and fall of Gøran Trovåg av Gaute M. Sortland.
Ryktet av Ingeborg Arvola.
Hevneren av Ingelinn Røssland.
Kampen mot superbitchene av Audhild Solberg.
Lars er LOL av Iben Akerlie.
De4: Anonym av Vera Voss.

Filmtips:

Her kan du sjå ein svensk informasjonsfilm om mobbing.

Keeper’n til Liverpool:

Til toppen