Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Drakeguten

Asbjørn Rydland Samlaget 2011

Kervad er ein liten landsby i eit vilt og audt land herja av krig. Landsbyrådet bestemmer at dei skal opne for opptak til militsen. Stallguten Koll vil gjerne prøve seg trass i at faren ikkje gir han lov.

3

NOKRE TIMAR SEINARE sat Koll på ein tømmerbenk i solskinet utanfor stallen og pussa seletøy. Reim og Oksen og alle dei andre kavaleristane hadde reist, og han hadde moka heile stallen etter at dei fór. Det var ein tung jobb, og sjølv om Koll vanlegvis ikkje klaga over hardt arbeid, var han ikkje i spesielt godt humør der han sat.

Alt seletøyet hang på gjerdet ved sida av han, og ein etter ein tok han dei ulike reimene og stroppane og smurde dei inn med lêrfeitt frå ei krukke på bakken. Når kvar enkelt del var godt sett inn og glinsa av smurning, hengte han han opp att og tok den neste. Det var godt å sitja ned litt etter å ha moka skit ut av alle spiltaua tidlegare, men tålmod var ikkje Koll si sterkaste side, og å gå over alle delane av alt seletøyet kom til å ta han heile dagen.

Han kunne sjå det for seg. Det var allereie godt utpå formiddagen, og no hadde dei sikkert begynt å lysa ut at dei kom til å ha uttak til militsen om eit par dagar. Kanskje nokon var blitt tatt ut allereie? Dunal og Seir var begge oppsette på å bli med, og sidan det var fedrane deira som hadde starta det heile, hadde nok ikkje dei noko problem med å få lov.

Sola hadde kome nesten høgast på himmelen då han såg Seir koma marsjerande nedover vegen i spissen for ein liten gjeng med gutar. Dunal var der, og tre andre, og alle saman bar på ein liten kjepp kvar. Ein augeblink var Koll redd for at dei kom for å gi han juling for naseblodet til Seir dagen før, men då dei kom nærare, såg han at dei var oppglødde for noko heilt anna.

«Hei, Koll!» sa Seir då dei kom nær nok. Heile gjengen stoppa opp og spreidde seg ut rundt han. «Har du høyrt? Dei skal ta inn fleire folk i militsen om to dagar! Vi skal gå og trena, men vi treng ein til. Blir du med?»

Koll myste opp mot dei. Hendene hans fortsette med arbeidet medan han kikka frå den eine til den andre. Ein av dei – Farel – var på same alder som han og dei to siste jamgamle med Dunal. Seir var eldst, sjølvsagt.

«Eg veit ikkje …,» svarte han. «Eg må gjera ferdig dette først, trur eg.»

«Hæ? Du må jo trena viss du skal ha nokon sjanse til å bli tatt opp!» sa Farel. Han var litt mindre av vekst enn Koll, og det var vanskeleg å sjå for seg at han skulle bli plukka ut uansett kor mykje han trena.

«Har du ikkje lyst til å vera med, eller?» spurde Dunal.

«Jo, men …» Koll kikka ned på seletøyet han hadde i fanget, og deretter opp på gjerdet. Han var ikkje halvvegs i rekkja enno.

«Du får vel ikkje lov, tenkjer eg.» Seir gliste ned mot han. «Synd. Eg tenkte du kunne få vera med og trena sjølv om du yppa til bråk i går, men det er ikkje så farleg. Du hadde nok ikkje blitt tatt ut uansett.»

Koll beit tennene saman og sa ingenting. Seir snudde seg for å gå, og dei andre følgde etter.

Rettigheitane for utdraget gjeld for aksjonsperioden. Vi har derfor fjerna deler av utdraget.

Vil du vite meir?

Om forfattaren:
Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. (Frå Samlaget)

Les intervju med Rydland på Ubok.no.

Det er fem bøker i Drakeguten-serien. Dei fire andre er:
Med eld i hjartet
Mørkemanaren
Kampen om kervad
Fredlaus

Sjekk også ut Skammarens Dotter av Lene Kaaberbøl. Under kan du sjå ein trailar for filmen:

Filmtips:
Dragetreneren

Sjå trailar (bokmål):

Eragon

Sjå trailar:

Aftenposten har ein artikkel om ti ting du kanskje ikkje visste om drakar (bokmål).

Til toppen