Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Eg er eg er eg er

Ruth Lillegraven Samlaget 2016

 

VÅRVILL

eg er eg er eg er
seier den vesle
vakre våren

kikar opp mellom
restane av haust og
alt som blei borte

eg er ekte og
vanleg vår
seier han

og eg lovar

lovar gull og
grøne skogar

hender og hår

småsko og
lange dagar

berre vent
berre vent

HJARTET MITT

berre vent

langt inni skogen
den mørkaste grøne

der finn du
mitt vesle hjarte

det som klyv i trea

stuper kråke mellom
røtene

legg seg til
å symje i mosehav
og skogstjernesjø

eg er eg er eg er
syng det vesle
hjartet

VAKSNE

mamma og pappa

dei hiv klede på golvet og
lèt oppvasken stå på benken

dei gløymer nøklar og mobil
et sjokolade og chips når
eg er i seng

blir sure og sinte
kjeftar og kranglar

ja, alt eg ikkje får gjere
det gjer dei

og kanskje er vaksne
berre store barn som
får bestemme sjølve

MORGONMAS

mamma og pappa

dei som
eg treng og ikkje treng
som er snille og ikkje snille
som eg likar og ikkje likar

et ferdig no, seier dei
kle på deg no, seier dei
skund deg hit og
skund deg dit

så et eg, kler på meg
skundar meg

så er både dei og eg
over alle haugar

hei, dagen

hiv o hoi
ropar eg

I BESTEFARS HUS

bestefars hus
er eit lite reir

her bur ein tynn mann
og ein kjælen katt

her luktar det
støv og sukker
erter og eple

før lukta her også
varme brød og rørte bær

før bestemor blei så tynn
og alle andre så triste

no er det berre bestefar
og eg her

kvar dag kjem eg
sit i gyngestolen
vippar fram og
tilbake

NB! På grunn av rettheiter har vi fjerna deler av innhaldet og lydfila til dette utdraget.

Til toppen