Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Eg har venta på deg

Atle Hansen Samlaget 2020


2

Eg syklar først bort til Svingen senter.
Det må vera det minste kjøpesenteret som finst.
Berre tre butikkar og ein liten kafé.
Eg vil kjøpa brus og nokre bollar til fisketuren.
I døra møter eg ei jente på min alder.
Ho har lyst, langt hår sett opp i ein hestehale.
– Hei! seier jenta og smiler som om ho kjenner meg.
Eg har aldri sett henne før.
Heldigvis finst det andre ungdommar her likevel.

Då eg har handla, syklar eg vidare ned til Vågen.
Sykkelen set eg ved den nedlagde butikken på kaien.
I andre enden av ei rekke gamle naust ligg sjøhuset
vårt.

Det sit ei kvinne på ein stein på stranda mellom
kaien og nausta. Ho har svarte klede og blått sjal på
hovudet.
Då eg spring forbi, snur ho seg etter meg.
Eg gjer som om eg ikkje ser henne, og spring vidare mot sjøhuset.
Det er sein ettermiddag.
Sola er gøymd bak tjukke skoddeskyer.
Sjøen ligg blank og utan bølgjer.
Ein perfekt dag for å ro ut på sjøen.

Sjøhuset ligg litt for seg sjølv
på ei bryggje mura opp av store steinar.
Eg låser meg inn sidedøra
og let henne stå open for å sleppa lys inn.
Så går eg bort og skyv opp den store døra
som vender ut mot sjøen.
Robåten min er fortøydd der.
Han låg i sjøhuset då mamma arva det.
Eg har pussa opp båten sjølv.
No ligg han blank og fin i fortøyinga og ventar på meg.
Eg gler meg både til turen på sjøen
og til å vera ei helg heilt for meg sjølv.
Eg finn fram fiskeutstyr og fiskekasse
og smekkar att sidedøra.
Så løyser eg båten og set kursen mot holmane og øyane
mellom Vågen og havet i vest.

Eg ror forbi stranda.
Den svartkledde kvinna er der framleis.
Ho sit på ein stein i strandkanten og ser utover sjøen.

Det blå sjalet skjuler håret hennar
og legg ansiktet i skugge.
Kjolen er svart som ei stjernelaus vinternatt.
Ho er kledd som om ho skal i gravferd.
Heime i byen, ville eg trudd at ho var muslim.
Men eg har aldri sett ei kvinne med hijab her i
Vågen.

Berre gamle folk kler seg slik, tenkjer eg.
Det er som om ho følgjer meg med augo.
Eit lite sekund tykkjer eg at ho kviskrar namnet mitt.
Det må vera vinden, eller bølgjene langs baugen,
som får meg til å høyra det.

 

3

Ute mellom holmane trekkjer eg årene inn
og kastar nokre gongar med slukstonga.
Ikkje ein fisk å få. Ikkje eit napp.
Eg kastar ut eit pilkesnøre,
finn fram brusen og bollane og ligg og driv
medan eg pilkar og et.
På ei av øyane går nokre sauer og beitar.
På ei anna sit ein flokk måsar
og ventar på at eg skal kasta ut mat til dei.

Dette er det beste livet som finst,
å liggja og driva på sjøen
og berre la tida gå sin gang.
Eg gir opp fiskinga og lokkar måsane til meg med
bollane.
Når det ikkje er meir mat til dei, ror eg heim att
med måseflokken bak båten.

Den svartkledde kvinna sit på same staden,
på same måten, i den same svarte kjolen,
og med sjalet like stramt knytt over håret.

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

Her kan du høyre forfattaren lese og fortelje om Eg har venta på deg:

 

Sjå andre bøker av forfattaren her

Sjå fleire bøker i Grøss og gru-serien her

Kva meiner du om utdraget? Legg igjen ei melding under utdraget på denne sida.

Andre grøssarbøker:

Heksa av Atle Hansen
Svartedalen av Atle Hansen
Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland
Glimt av Tor Arve Røssland
Svart senker natten seg (bokmål) av Aleksander Kirkwood Brown
Heksenatten (bokmål) av Alexander Løken
Marg og bein-serien (bokmål) av Arne Svingen, Jon Ewo, Ingunn Aamodt og Tom Egeland

Til toppen