Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Galderstjerna

Asbjørn Rydland Samlaget 2016

Etter eit overfall vaknar Eirik opp utan minne og med ei tatovering på brystkassa. Kven har gitt han dette mystiske merket? Spora fører til dataspelet Reborn, og saman med vennene Khalid og Maria blir Eirik etter kvart dratt lenger inn i spelet. I dette utdraget går Eirik inn og ut av spelet, og han prøver å hugse tilbake for å kome eit steg nærare sanninga.

7

Det har blitt kveld i spelet då eg kjem dit. Tida går raskare der enn i verkelegheita. Vêret skiftar oftare òg. Eg har jogga gjennom både regn og skodde på vegen, men då eg til slutt står på det vesle tunet og ser meg rundt, er det opplett. Tunet utanfor den vesle stova ber preg av kamp, og døra ser ut til å vera sparka opp. Om nokon har døydd her, er vanskeleg å sjå, for eg finn verken levande eller daude folk, berre ein haug med eigedelar frå eit langt, men enkelt liv kasta omkring.

Det er først på veg ut av hytta igjen eg legg merke til symbola som er rissa inn i døra. Stjerneforma, dei ulike runeteikna på kvar av stjernearmane … Eg drar ned T-skjorta og ser på stjerna på mitt eige bryst. Det er ikkje det same symbolet, men skummelt nært.

Figuren min blir ståande der medan eg lener meg tilbake i stolen. Dataspel av denne typen er som regel fulle av alkymisymbol, engleteikn, stjerneteikn, demonsegl og alt mogleg anna rart, men det er ikkje alltid dei som lagar spela er så nøye på kva symbola betyr, så lenge dei ser kule ut. Korleis det er med Promethean Games, veit eg ikkje.

Eg hoppar ut av spelet og går på nett, googlar «galdra – stafur i Reborn». Eg får opp ein haug av dei same sidene som tidlegare, men òg eit par nettforumpostar og ein obskur blogg. Det er tydelegvis eit par moderne vikingar som har merka seg symbolbruken, men dei er ueinige om det er bra eller dårleg. Den eine peiker på at Promethean iallfall bruker dei ekte symbola på rett måte, og at dei fleste av stavane dei har dikta opp, følgjer det rette mønsteret og heng på greip. Den andre er berre sint for at «magien og arven hans» blir misbrukt og kommersialisert på denne måten. Tulling.

Framleis ikkje spesielt mykje klokare går eg tilbake til spelverda og begynner å utforska området rundt den vesle stova.

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Om forfattaren:
Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han debuterte i 2010 med Drakeguten og i 2012 vart han tildelt Nynorsk barnebokpris for bok 2 i serien; Med eld i hjartet. Han vart også tildelt Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. (Frå Samlaget). Les meir om Drakeguten her.

Les intervju med Rydland på Ubok.no.

I dette utdraget skriv Rydland om runer. Les meir her. Han nemner og mellom anna alkymi, stjerneteikn, og helleristningar. Trykk på orda for å finne ut kva dei betyr.

Er du interessert i gaming? Sjekk ut nyheitar frå miljøet her.

Promethean Games ble nemnt i utdraget, det er ein spelutviklar frå USA.

Fleire spel har blitt til film, mellom anna:

Assassin’s Creed:

Lara Croft- Tomb raider:

Resident evil:

Til toppen