Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Ser du dette?

Sigrid Agnethe Hansen Samlaget 2020

Ei tragisk hending har gjort at Anna må flytte og starte på ein ny skole. Kva var det eigentleg som skjedde? I dette utdraget møter Anna rektoren og den nye klassa si for første gong.

Rektor ventar på oss i gangen utanfor kontoret sitt. Ho helsar med mjuke hender og eit fjes som eg blir glad av å sjå. Ho ser ut som om ho har brukt mykje tid i livet på å smile. På døra til kontoret står det «REKTOR» med store bokstavar. Eg får ein klump i magen, men smilet til rektor smeltar han vekk.

– Eg heiter Anne, seier ho.

– Det blir lett å hugse, Anna, seier pappa og dultar meg lett i armen.

Vi går inn på kontoret hennar, som er måla i ein behageleg farge ein plass mellom grønt og blått. Det luktar handkrem og banan som held på å bli moden. Vi får plass i kvar vår stol som ser litt ut som eit egg, og rektor set seg ned framfor datamaskinen sin.

– Jaså, Anna, så du skal altså starte her no, litt sånn midt i skuleåret, seier ho.

Klumpen i magen kjem tilbake. Det høyrest ut som om ho meiner at eg kjem og forstyrrar noko som allereie er godt i gang. Som om eg kjem og avbryt leiken utan å kunne reglane. Kanskje kan rektor sjå kva eg tenker, for ho tar seg fort inn og seier:

– Men det er berre koseleg at du skal starte her! Som du ser, er dette ein ny og fin skule, og vi har alltids plass til ein til. Og så skal du nok klare heilt fint å henge med i det dei andre har lært så langt, sjølv om du har hatt ein liten pause.

Pappa smiler til meg, han ser at eg blir litt engsteleg, og han mimar «dette klarer du». Samtidig veit eg at det er mi eiga skuld, at eg har trekt alle andre inn i mitt rot. Og eg skjønner det: No må vi inn i rotet.

Rektor, som for berre litt sidan var eit einaste stort smil, ser brått meir alvorleg ut, ho har gått frå å ha sola i ansiktet til å ha månen der.

– Ja, Anna, eg skjønner at det er vanskeleg, det du har vore gjennom.

Og så gjer eg det eg har gjort framfor så utruleg mange vaksne dei siste månadane: Eg blir raud. Varm. Magen strammar seg, det blir trongt i halsen, eg kjempar for å puste normalt, framfor auga blir alt oransje og raudt og vanskeleg å sjå. Det er ikkje blitt enklare enno. For kvar gong ein vaksen seier slike ord i ein alvorleg tone, som om dei synest synd i meg, skjer dei same tinga. Kroppen reagerer på same måten. Eg må jobbe hardt for ikkje berre å springe ut døra og aldri kome tilbake.

Pappa reddar meg.

– Vi visste sjølvsagt ingenting, seier han. – Det kom som eit sjokk for oss også, og det var jo vanskeleg for Anna å seie noko til oss.

Han stryk handa mi, har han også blitt vand til at det er slik det må vere når vi snakkar om det som skjedde?

– Vi vil leggje dette bak oss. Sjølvsagt vil vi det. For Anna sin del trur eg at det er bra om dokker her på skulen ikkje snakkar noko særleg om det. Vi snakkar uansett om det heime, ofte, og det er ikkje slik at dokker absolutt ikkje kan snakke om det på skulen. Men eg synest ikkje dokker treng å fortelje at det skjedde med akkurat ho. Det er ikkje det ho treng.

Rektor nikkar sakte. Så slår ho hendene saman. Ho ser spent ut.

– Er du klar til å møte klassen, Anna?

– Det er rett her borte, altså, seier rektor medan ho går med lange og raske steg mot klasserommet der min nye kvardag skal vere. Sjølv kjem eg etter med små musesteg, tripp tripp, her kjem ei lita mus.

Framme ved døra er hjartet mitt som ein hakkespett. Eg håpar denne klassen har plass til ein liten reddhare, rekk eg å tenke før døra går opp og lyset frå klasserommet møter meg.

– Lykke til da, Anna, seier ho.

– Takk, kviskrar eg. – Det treng eg.

 

Framfor bordet til læraren blir eg introdusert for dei andre.

– Ja, dette er Anna, seier læraren. – Velkomen til klassen vår! Kor var det du kom frå?

– Tromsø, svarer eg og legg til: – Men pappa er herifrå, da.

– Ja, da har du sikkert vore her mykje før, sånn at byen ikkje er heilt ny?

– Nei da. Har vore her før. Mange gongar.

– Så bra! Da er det berre klassen og skulen som er ny. Men vi er klare for å ta i mot deg, vi, seier læraren entusiastisk.

Klassen svarer ikkje med same entusiasme, men eg ser fleire smil og nysgjerrige auge. Kjenner dei meg igjen? Prøver dei å hugse kor dei har meg frå? Lengst bak i klasserommet sit ei jente med langt, raudt hår som ser ut som ho tenker så det knakar. Medan eg går til den ledige pulten, flyg spørsmåla fram og tilbake i hovudet mitt som ein sprettball. Smilet til den raudhåra får ballen til å roe seg litt.

Det tar meg omtrent eitt minutt å forstå at jentene i den nye klassen har dei same perfekte sveisane som dei i den gamle. Også her luktar det lipgloss, fuktig dongeribukse og hårprodukt i klasserommet. Ei av dei penaste jentene smiler i mi retning, ho er blond og solariumbrun, skikkeleg klisjé. Bakarst i klasserommet ser eg ho med det raude håret. Ho stirer ut i lufta med eit drøymande blikk. Eg trekker til meg blikket når ho ser på meg, vil ikkje vere ho nye som glor på folk. Eg prøver å gjere så lite ut av meg som mogleg. Det varer til det ringer ut.

– Velkomen til bygda!

Eg snur meg mot høgre, der lyden kom frå.

– Tina, seier jenta med raudt hår og peiker på seg sjølv med to tommeltottar.

– Anna, seier eg og angrar straks.

– Det fekk eg med meg, du.

Eg smiler, kunne vore med i Årets teitaste smil- konkurranse i eit vekeblad.

– Dette er vel ikkje akkurat bygda, da?

– Tja, det er i alle fall ikkje nokon storby. Knapt ein by, seier Tina.

– Det er vel ikkje akkurat Tromsø heller.

Tina svarer ikkje, heiser berre på skuldrene.

– Det er ikkje så farleg, eg handlar uansett stort sett berre på nett.

Det kan ein nesten sjå på ho. Ho har på seg ein svart genser med masse rart kvitt mønster som ser ut som ei stor tatovering. Kleda minner meg om nokon eg ein gong visste kven var, eit minne frå den førre skulen. Eg svelgjer fort.

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Hovudpersonen i denne boka opplever at nakenbilete av ho blir lagt på internett. Les meir om temaet her

Er det delbart? er ein film frå Kripos som handlar om dette. Sjå under:

 

Boktips:

Nedteljing av Anders Totland

OMG av Ingelin Røssland

De4: Modellene av Vera Voss (bokmål)

Til toppen