Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Sinne

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen Samlaget 2020

Synne er 15 år og har ADHD. Ho hamnar ofte i konflikt med lærarar og elevar. Rådgivaren oppfordrar ho til å begynne med medisin igjen, men Synne veit ikkje om ho eigentleg vil det. Med bestevenninna, Torunn, kan ho snakke om alt mogleg. No berre må ho fortelje Torunn om Johan, den nye guten i klassa, som ho har blitt saman med. Men så får Synne vite at både Torunn og Kine frå klassa også likar Johan. Plutseleg rasar verda saman.

Eg er så gira da eg kjem heim, at eg må fortelje det til Torunn. No kan det rett og slett ikkje vente lenger. Eg loggar meg på Face. Før eg rekk å skrive noko, poppar det opp eit chattevindauge, og Torunn gliser mot meg iført hundeøyre og snute. Eg, derimot, har kaninøyre og tennene på tørk.

Eg: Hei! Eg må fortelje deg noko.

Torunn: Hei! Kva står på?

Eg veit ikkje korleis eg skal begynne, og før eg har fått tenkt ut formuleringa, har Torunn skrive meir.

Torunn: Trur du det er noko mellom Kine og Johan?

Eg: Kvifor trur du det?

Torunn: Ho snakkar ofte om han, men det er ikkje sikkert det betyr at ho liker han. Eg veit ikkje.

Eg: Kan ikkje tenke meg at han liker henne.

Torunn: Ikkje ver sånn. Ho er grei.

Eg: Ikkje mot meg.

Torunn: Du er ikkje så grei mot henne heller. Du burde gi henne ein sjanse.

Eg: Det er ikkje så lett når ho gjer alt så vanskeleg for meg.

Torunn: Ho har det ikkje så lett, ho heller.

Eg: Har dronninga problem? Mistar ho følgarar på Insta?

Torunn: Berre gløym det.

Eg: Mhm. Men nei, eg trur ikkje det er noko mellom dei. Kvifor spør du om det?

Torunn: Ville berre forsikre meg. Eg synest han er kjekk. Er du ikkje einig?

 

Den såg eg ikkje kome.

Eg: Jo da.

Magen min knyter seg da eg innser kva ho vil seie. Eg burde skrive noko, men fingrane mine vil liksom ikkje.

Torunn: Eg har eigentleg ikkje tenkt over det før, men han verkar så smart. Meir moden enn dei andre gutane i klassen. Eg liker han, Synne.

Eit svart hol sluker kroppen min. Dette er ikkje mogleg. Gode, snille Torunn som fortener alt. Berre ikkje Johan.

Eg veit eg burde seie at eg også liker han, for det er ikkje akkurat som om ho har oppdaga han og kan gjere krav. Men eg veit ikkje korleis eg skal få sagt det. Alt eg greier å presse fram, er eit hjarte.

Eg: <3
    Torunn: Kva skulle du seie?

Johan kyssa meg. Johan liker meg. MEG. Det var det eg skulle seie. I staden seier eg ingenting.

Eg: Berre at eg har bestemt meg for å begynne med tablettar.

Eg har ikkje bestemt meg enno, men kom ikkje på noko anna i farten.

Torunn: Det trur eg kan bli bra. Ups, mamma ropar på meg. Vi snakkast.
     Eg: Snakkast.

Eg går inn på profilen til Johan og ser på biletet av han igjen. Dei tydelege smilehola som lagar ei grop i begge kinna. Snapchat-lyden tar meg ut av dvalen. Det er frå Johan. Han har sendt eit meme med eit mattestykke om to tog som er i full fart på veg mot kvarandre. Togføraren i det eine toget seier «Oh God, not again», og teksten «Math teachers hate trains» står nedst.

Eg hatar alt som har med tal og matte å gjere, men denne får meg til å le. Eg tenker på tidlegare i kveld og fuktar leppene. Varmen frå kysset sit framleis i, sender kriblingar gjennom kroppen. Leppene hans er faktisk enda mjukare enn dei ser ut. Eg grev hovudet ned i puta så ingen skal høyre gledeshylet mitt.

Så kjem eg på Torunn igjen. Eg veit ikkje korleis eg skal få sagt det, kanskje eg kan invitere henne bort etter skulen i morgon? Ha jentekveld med godteri og film. Søvnen tar meg før eg rekk å tenke ut ein konkret plan, tullar meg inn i søte draumar heile natta.

Det ringer inn akkurat idet eg rundar hjørnet av skulegarden. Eg er seint ute igjen, spring som om eg hadde ei vill bikkje i hælane. Men bikkja er raskare enn meg og er allereie plassert bak kateteret da eg kjem heseblesande inn døra. Eg stoppar og held meg i karmen, må hente meg inn igjen så eg ikkje fell over ende. Lisbeth er alt anna enn blid og ser på meg som om eg var eit bein ho ville gnafse i stykke.

– Du er for sein. Igjen. Kva har du å seie til dette?

– Roleg no, prøver eg forsiktig. Ho glefsar mot meg, peikar på ein tom stol og skubbar meg forsiktig innover i klasserommet mens ho mumlar lågt og usamanhengande.

– Set deg!

Ho klaskar ein penn og eit papir på pulten.

Eg gløttar ned på arket og ser ei rekke uforståelege omgrep og spørsmål. Med eitt skjønar eg det. Prøve.

– Kva tid blei det bestemt at vi skal ha prøve?

Eg ser spørjande på henne.

– Eg gav tydeleg beskjed om det i førre time, set deg ned og skriv. Du har allereie gått glipp av fem minutt.

Ho legg armane i kross og prikkar på olbogane sine med fingrane. Håret heng som ei gardin rundt ansiktet hennar. Minner meg om professor Slur.

Det begynner å boble inni meg, men eg ignorerer det glatt. Etter gårsdagen skal det mykje til for å øydelegge det gode humøret mitt.

– Ja, men eg var jo ikkje her da. Du kan ikkje gi prøve på så kort varsel. Vi har så vidt hatt om dette temaet. Det er vel ingen i klassen som greier å svare på dette?

Eg ser meg desperat rundt og forsøker å sanke inn støtte, men ingen seier noko. Johan ser rett på meg og gir meg hint om å gi opp ved å vifte handa flatt mot halsen sin. Men sånt fungerer sjeldan på meg.

– Du kan ikkje gi oss ei overraskande prøve før vi er ferdige med kapittelet.

Ho strammar leppene.

– Klassen var jo så opptatt av kva som gjekk føre seg i kantina i går. Eg rekna derfor med at alle var ferdige med kapittelet.

Ho ser utruleg fornøgd ut med seg sjølv. Hemnaksjon, altså.

– No klikkar det for Sinne, kjem det lågt frå Kine, som sit rett bak meg.

Det luggar i magen, men eg er altfor opptatt av å vise Lisbeth kva eg meiner om dette, til å bry meg om Kine no. Eg reiser meg, riv prøvearket i stykke og ser demonstrativt på Lisbeth idet eg drysser bitane utover kateteret. Ansiktsfargen hennar går frå nude til signalraud på ein blunk. Eg rekk ikkje eingong å seie ferdig «tortilla» før ho flippar ut.

– Ut, bjeffar ho og peikar mot døra.

Eg røskar tak i sekken min og smeller døra hardt igjen etter meg. Eg vurderer å banke på døra til Bøfla, men kjem på at ho sikkert vil begynne med medisinmaset igjen, og går i staden vidare til kantina. Det er ingen andre her, så eg set meg ned for å arbeide med kapittelet på eiga hand. Fullstendig nyttelaust. Tankane mine spinn rundt i alle retningar. Jævla Lisbeth.

I pausen kjem Torunn og Johan bort til meg.

– Du er crazy.

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av utdraget og lydfila.

Til toppen