Undervisningsopplegg: Den siste krigen. Overleve 3

Dette undervisningsopplegget er laga av Foreningen !les.

Før lesing:

La elevane individuelt studere bokomslaget og tittelen på boka. La dei fundere på kjensler rundt dei mørke, dramatiske og dystopiske bileta og fargane. Gjerne medan dei noterer. Hjelp dei i gang med tankeprosessen med spørsmål som:

– Kva trur du boka handlar om?
– Kva er «den siste krigen»? Kva krigar dei om, trur du?
– Kva for slags kjensler kjem fram i omslaget? (Redsel, panikk, mørke, dommedag, dystopisk)
– Kva tenkjer du om tittelen? Kva skal karakterane overleve?
– Kven trur du dei to ungdommane på biletet er? Kvifor er dei fanga midt i ein krig?

Det er ein fordel om elevane får prate i lag med ein læringspartnar nokre minutt etter dei har grunna sjølve.

NB! Vurder om de les prologen og utdraget kvar for seg. Det kan vere greitt å ta prologen først, snakke dykk igjennom den, og så lese heile utdraget for seg.

Under lesing:

Lytt til eller les utdraget felles i klassen. Be elevane ha klar ein blyant og setje strek under ord og uttrykk dei lurar på kva betyr.  

Etter lesing:

Samtale i grupper på tre–fire:

La elevane komme med reaksjonane sine rett etter dei har lese. Det kan og vere viktig at dei får lufta desse tankane i trygge rammer. La det vere opent for innspel og individuelle tankar rundt utdraget. Dei kan gjerne skrive medan dei pratar. Desse spørsmåla kan det vere greitt å begynne med:

– Kva handlar utdraget om?
– Kva er dystopisk i historia? (Dette føreset at de gjekk grundig igjennom omgrepet før de las)
– Er det noko som er skremmande med handlinga? Kva og kvifor?
– Korleis stemmer tankane de hadde før lesinga, med slik utdraget er?

Klassesamtalar:

La elevane etter tur komme med tankar og innspel som dei har forberedt seg på. Følg opp med opne spørsmål. I alle situasjonar med leseforståing og leselyst i sentrum, vil det også vere lurt å hjelpe elevane med å formulere opplevingane sine av teksten. Følgande setningsstartarar kan med fordel brukast til alle utdraga. Skriv dei ut og heng dei opp på ein eigna stad i klasserommet:

– Da eg las, la eg merke til …
– Eg synest at …
– Eg likte godt da …
– Eg blei irritert over …
– Det gjorde inntrykk på meg at …
– Om eg var …
– Eg blei skuffa over …
– Eg blei overraska over …
– Slutten var …
– Fordi …

Som tommelfingerregel skal elevane, etter å ha jobba med alle dei ti utdraga, få moglegheit til å svare på følgande spørsmål:

– Kva likar du i teksten?
– Kva likar du ikkje i teksten?
– Kva for spørsmål har du?
– Kva for mønster ser du i teksten, kva går igjen?
– Kva for koplingar til andre ting finn du i teksten?

Utdraget er henta frå den siste boka i Overleve-serien. Kven av elevane har lese alle tre? Kva synest dei om bøkene? Heng historia godt saman? Kva for bok er den beste? Kvifor trur dei at dette blei ein serie og ikkje berre ei bok? Finst det fleire slike dystopiske spenningsseriar for barn?

Skrive i lag:

Elevane går saman i læringspar og skriv ned fem til ti spørsmål til kvarandre frå utdraget. Dei vel sjølv om dei vil svare munnleg eller skriftleg. De kan også lage ein felles klassequiz.

Skriv vidare på forteljinga. Kva skjer?

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her