Undervisningsopplegg: Eg er V-vida

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

Vida, som er hovudpersonen i denne boka, skriv dagbok.
– Har du dagbok?
– Er snap stories og reels det same som ei dagbok?
– Kva skriv ein i dagboka, og kvifor gjer ein det? Kven skriv ein til?

Vida stammar. Kva veit du eigentleg om stamming? Kva lurer du på om stamming?

Under lesing:

I teksten møter du mange språklege bilete. Legg merke til setningar som du ikkje skal forstå bokstaveleg, men som betyr noko anna.

Etter lesing:

1. Søk og finn ut kva namna Viktor og Vida Korleis passar namna til det som skjer i forteljinga?

2. I dagboka skriv Vida: «Men eg er ikkje hovudkarakteren i nokon manga. Eg er ikkje hovudkarakteren i noko som helst». Kva trur du ho meiner med dette?

3. I utdraget er det mange språklege bilete. Forklar kva du trur forfattaren meiner med:
«å svelgje dei stygge orda sine» (s. 27)
«nokre usle konsonantar på ei snor» (s. 27)
«får steinrøysa i magen min til å buldre» (s. 28)
«dei syrlege tungene» (s. 30)
«Namnet er surgras i munnen min» (s. 30)
«det heng ei svart sky over hovudet mitt som regnar ekstra berre på meg» (s. 32)
«det er som om skrømtet hennar følgjer etter meg» (s. 33)

4. I kapittelet du har lese, er der nokre personar som er ganske passive. Kva tenkjer du om Jana, Aleksandra og Miriam i dette kapittelet? Trur du dei er akkurat som Aurora?

5. Som lesar får me lese både tankane til Vida og det ho faktisk seier.
– Korleis er skilnaden mellom det Vida tenkjer, og det Vida seier?
– Har du opplevd å mangle språk til å seie det du verkeleg tenkjer? Korleis er det?
– Kan du tenke deg andre som kan kjenne seg att i situasjonen til Vida?

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her.