Undervisningsopplegg: Granittgutta – TikTok-banden

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

Snakk saman om det dokker ser på framsida. Kva ser dokker, og kva trur dokker boka kan handle om?

Kva trur dokker TikTok-banden betyr?

Under lesing:

Set strek under dei orda eller setningane du meiner er med på å lage spenning eller ei skummel stemning.

Etter lesing:

Spørsmål:

– Kva ord streka dokker under? Kan dokker komme på andre «skumle» ord? Skriv orda på tavla.

– Kvifor er det så viktig at dei ikkje må lage lyd?

– Kva fordelar og ulemper trur du det er for Kristoffer å sitje i rullestol i denne situasjonen?

Skriveoppgåver:

Bruk eitt eller fleire av dei orda dokker skreiv opp på tavla, i ei forteljing som elevane skriv sjølv.

Skriv ei forteljing med tittelen «Den dagen eg oppdaga ein tjuv».

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget:: Bruk Vurdering av utdraget her