Undervisningsopplegg: Gunnars rekordbok

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

Sjå nærmare på bokomslaget og tittelen Gunnars rekordbok.

– Kva assosierer de med «rekordar» og «rekordbøker»?
– Studer bokomslaget og personane på framsida. Kva trur de boka handlar om?
– På baksida av boka står det:

«Gunnar har ei bok som er full av rekordar. Der skriv han om Sivert, som er verdas beste kamerat, om far til Sivert, som må vere verdas blidaste mann, om pappa, som berre ligg på sofaen og er den tristaste Gunnar veit om. Og om Vilde, som har verdas finaste smil.

Men han skriv ikkje om korleis eit hjarte berre kan slutte å slå, og han skriv ikkje om mamma. Han viser ikkje boka til nokon. Ingen får lesa Gunnars rekordbok».

– Ut frå det som står på baksida av boka: Kven er Gunnar, og kva trur de han har opplevd? Gunnar skriv ikkje om mor si i boka, han viser heller ikkje boka til nokon. Kvifor trur de det er slik?

Under lesing:

– Læraren les utdraget høgt i klassa medan de aktivt lyttar til teksten.
– Etter at læraren har lese teksten høgt, forsøk å gjenfortelje det som skjer, for kvarandre.
– Les utdraget høgt for kvarandre i små grupper. Bruk spørsmåla under for å lage ei oversikt over teksten:

    Kven møter de i utdraget?
    Kva skjer?
    Korleis skjer det?
    Når skjer det?
    Kvifor skjer det?

Etter lesing:

1. Gunnar har mista mor si. Kor i teksten kjem det fram? Finn konkrete døme.
2. I utdraget finn de døme på tilbakeblikk. Kva er tilbakeblikk, og kva får de vite gjennom desse tilbakeblikka?
3. Far til Gunnar er lite til stades. Heller ikkje då Gunnar fell ned frå treet og må til legevakta, tek faren telefonen. Korleis trur de det påverkar Gunnar?
4. Har de nokon gong opplevd å miste nokon de er glad i? Kvifor er det vanskeleg å setje ord på det som er tungt, og kvifor er det viktig å snakke med nokon om det?
5. Korleis kan ein vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg?

 

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her.