Undervisningsopplegg: Jernvilje
Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.
Før lesing:
Boka heiter Jernvilje. Kva betyr det?
Titlane på kapitla i boka er skrivne med runeskrift. Alle titlane er talord. Greier du å tyde runeteikna? Kva for kapittel skal du lese?
Handlinga i boka går føre seg for 1500 år sidan, i det som vert kalla jernalderen. Det her er nokre hundre år før vikingtida byrja. Det kan vere greitt å vite litt om jernalderen før de les. No skal de dele alt de veit de om jernalderen frå før. Korleis såg Noreg ut på denne tida?
– Kvifor heiter det eigentleg jernalderen?
– Korleis såg hus, båtar og klede ut?
– Var Noreg eit land?
– Kva slags gudar trudde ein på?
I Jernvilje møter du mange ord som vi ikkje brukar til vanleg i dag. Difor skal de gå på ordjakt! Del teksten mellom dykk i mindre delar, og arbeid i grupper. Bruk ordbøkene.no til å finne forklaring på kva ordet betyr, og skriv dette inn i ei felles ordliste. Hugs å skrive ei forklaring som du sjølv forstår. Nokre ord treng du Store norske leksikon for å finne forklaring på.
Under lesing:
Vi tek nokre stopp i lesinga og oppsummerer. Då skal vi fortelje om det som har hendt, og det vi lurer på, og vi seier litt om det som kanskje kan skje vidare i forteljinga.
Etter lesing:
1. Vilje har aldri vore inne i eit hus tidlegare, og mykje er nytt for han. Det er mange uskrivne reglar han ikkje forstår. Kan du finne eksempel på dette?
2. Vilje og hovdingsonen Jarl liknar på kvarandre, men er det likevel mange ulikskapar. Kva får du vite om Jarl i dette utdraget. Korleis er han samanlikna med Vilje?
3. Vilje har eit fødselsmerkje som liknar på ein jerv, på brystet. Søk opp litt informasjon om jerven. På kva måte liknar Vilje på ein jerv?
4. Mot slutten av utdraget må Vilje ta eit val: Anten må han fortelje sanninga om kven han er, eller så må han gi seg ut for å vere Jarl og håpe at ingen avslører han. Kva ville du gjort, og kvifor?
5. Bruk dei runeteikna du har tydd i overskriftene, til å skrive:
– RISSE
– ÅRE
– FARE
– MUSIKK
6. Søk etter ei oversikt over runeteikn på internett, og bruk ho til å skrive namnet ditt.
7. Nokre av teikna liknar på våre bokstavar. Kvifor er det slik, trur du?
Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her.