Undervisningsopplegg: Plasticus Maritimus

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

Vi studerer bokframsida, to og to saman

1) Kva heiter boka vi skal lese?
2) Beskriv bokframsida for kvarandre. Kva slags ulike element er ho sett saman av?
3) Fonten eller skrifttypen speler ofte ei rolle på bokframsider. Korleis vil du skildre fonten på denne bokframsida? Kva er han meint å illustrere, trur dokker?
4) Kva trur dokker tittelen på boka betyr?
5) Kva for eit språk er tittelen skriven på?
6) Søk opp tittelen på Internett og forsøk å finne ut kva han betyr.
7) Kvifor valde Ana Pêgo å gje plasten eit latinsk namn, og kva ønskte ho å oppnå med det
8) Beskriv kva teikninga på bokframsida viser.
9) Kven trur dokker personen nede til høgre er?
10) Kva slags rolle speler fargane på bokomslaget?

Då ho var lita, hadde biologen Ana Pêgo stranda som leikeplass. Ho gjekk turar, kika på det yrande livet i fjøra og samla fossil. Alt dette var så spennande at ho bestemte seg for å bli biolog for å studere det fargerike dyrelivet nærare. Men etter kvart såg Ana meir og meir av noko som likna på ein ny, mangfaldig dyreart: plast. Ho begynte å samle på plast frå havet, og gav den nye arten eit namn: Plasticus maritimus.

Samtal to og to

1) Har du nokon gong opplevd å finne plast i strandsona? Kva slags plast då?
2)Har du opplevd å finne plast og søppel andre stadar?
3) Veit du om ting/gjenstandar laga av plast, som ofte dukkar opp i strandsona?
4) Kvar finn du oftast plast og søppel i nærområdet ditt?

Under lesing:

Sidan teksten vi skal lese, er ein faktatekst, kan det vere lurt å skrive ned nøkkelord og stikkord undervegs. Teksten inneheld også bilete, så følg med på teksten framme på lystavla. Læraren din kjem til å leggje inn fleire lesestopp, slik at du får tid til å skrive ned nøkkelord eller stikkord frå teksten undervegs i lesinga. Finn fram blyant og papir og spiss øyra!

Vi les tekstutdraget høgt i klassa.

Etter lesing:

To og to saman

1) Ta utgangspunkt i nøkkelorda/stikkorda du har notert, og samtal om kva tekstutdraget handla om.
2) Kva nøkkelord eller stikkord meiner du er mest sentrale i teksten?
3) Har dokker funne ulike stikkord til dei same delane av teksten?
4) Kva nøkkelord har både du og sidemannen skrive?
5) Er det noko du vil endre eller leggje til i notata dine etter å ha samanlikna med sidemannen?
6) Kva visste du frå før av det som vart opplese? Kva var ny informasjon for deg?

Ha ein felles klasseromssamtale om kva tekstutdraget handlar om.

 

Vi studerer illustrasjonane i boka
Faktaboka om plast i havet inneheld ei rekkje teikningar og illustrasjonar.
1) Kva gjer teikningane og illustrasjonane med leseopplevinga di?
2) Likar du å lese bøker med slike illustrasjonar? Kvifor / kvifor ikkje?
3) Studer dei ulike sidene i bokutdraget. Kva slags illustrasjonar likte du best? Kvifor?

 

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her.