Undervisningsopplegg: Trollmoll

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.

Før lesing:

Kva assosiasjonar får dokker til tittelen, Trollmoll? Sjå på framsida av boka. Trur dokker det er noko hyggeleg eller noko negativt? Prøv om dokker kan grunngi svaret.

Kva veit dokker om sjangeren grøss? Finn ut før dokker startar lesinga.

Under lesing:

Legg merke til ord og uttrykk som er med på å gjere forteljinga skummel. Strek under desse orda.

Etter lesing:

Snakk saman i samla klasse kva som er med på å lage spenning.

Oppgåver:  

– På side 104 står det: « … kva som kunne gjere Birk halvgalen av skrekk». Finn døme i teksten som viser at Birk er redd.

– Kva inntrykk får dokker av Ada? Er ho like redd som Birk? Kvifor / kvifor ikkje?

– Kva får vi vite om kva Trollmoll er?

Andre oppgåver:

– Kjenner dokker til ei spøkelseshistorie som dokker kan fortelje i klassen?

– Skriv ei forteljing som startar slik:

a) Kanskje du ikkje trur det eg no skal skrive, men kvart ord er sant …

b) Det knaka i golvplankane i naustet, i det same gjekk lyset.

c) Knut kunne ikkje forstå at Kari verkeleg kunne ha opplevd det ho no fortalde om.

– Skriv ei forteljing der du bruker eitt eller fleire av desse orda: krafsing, likbleik, knurring, knirkar, rusten, knoklar, skodde. (Klassen kan foreslå fleire skumle ord sjølv)

Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her