Vente på vind

av Oskar Kroon
omsett av Runa Kvalsund

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR LESINGA:

Læraren les:

Det er sommar hos morfar på øya. Venge drøymer om å bli sjømann og segle til fjerne hamner. Heime i byen er mamma lei seg. Pappa har flytta ut for godt, og no skal han og den nye sambuaren få ein baby. Det liker ikkje Venge å tenke på.

Men på øya kjennest alt det andre langt borte. Dagane dirrar av varme, og på stranda dukkar det plutseleg opp ei jente med svart hatt. Rut heiter ho.

Samtale:

– Kva heiter boka?
– Korleis vil de beskrive illustrasjonsbiletet på framsida?
– Kvifor trur de tittelen er Vente på vind? I kva samanhengar treng vi vind (segling, til dømes)?
– Kven er forfattar av boka? Kven har omsett boka til nynorsk?

Læraren fortel: Denne boka er vinnar av Augustprisen, som gjer ho til årets svenske barne- og ungdomsbok i 2019. Forfattaren, Oskar Kroon (f. 1980), er journalist og bakar også. Runa Kvalsund har omsett boka frå svensk til nynorsk. Boka er illustrert av Lisa Benk. Ho nyttar linosnitt og kollasj i arbeidet og kunsten sin. Kollasj er eit heilskapleg bilete som er sett saman av mindre utklipp og materialbitar, ofte i kombinasjon med teikning eller måleri, eller utført heilt digitalt. Linosnitt er ein enkel grafisk trykketeknikk. Linosnitt er også omtalt som sjølve avtrykket, det vil seie det grafiske bladet eller biletet. Trykkplata er eit stykke linoleum der ein skjer vekk det som ikkje skal fargast.

Les utdraget høgt for klassen, spel av lytteeksempelet i ressursen eller la elevane lese utdraget sjølve.

Høgtlesing skapar felles møte rundt litteraturen og historiene som blir fortalde. Å lese høgt for elevane legg også til rette for litterære refleksjonar og dialogar, og det fremjar språklege ferdigheiter hjå elevane. Her kan du få gode tips ved høgtlesing for elevar, same kva dialekt du som lærar har: Den vaksne mellom boka og barnet.

UNDERVEGS:

Les, snakk, skriv (ein og ein/læringspartnar/klassen). Tilpass til gruppa di.

1) Beskriv relasjonen mellom Venge og morfar, og gi døme som illustrerer relasjonen.
2) Kor i utdraget får de innsikt i Venge sine draumar for framtida?
3) Kor i teksten kan de få innsikt i at Venge er modig?
4) Språket i romanen er lett, poetisk, nært og stemningsfylt. Gi døme.
5) Kva trur de kjem til å skje vidare i forteljinga/boka?

Forslag til «fasit» for læraren:

1) Relasjonen står fram som nær, varm og ikkje stereotyp. Morfar har levd lenge og er ein vis mann som ser Venge og kva ho drøymer om og treng. «Eg set meg ved sida av han, og han ser på meg med auge som glitrar, og nikkar nikkar nikkar», og «Eg skal vere som morfar. Ein som synest dette er livet. Korleis blir ein sånn? Eg gjer alt eg kan for å ikkje vere redd, men får nesten ikkje puste». Morfar er trygg, tydeleg og inkluderande..
2) «Og eg skal bli sjømann.» «Eg skal vere som morfar.»
3) Frå «No er det eg og morfar i skuggeluene våre som styrer skuta».
4) Nokre få døme:
– Morfar går om bord i båten med den gamle, rutete reiseveska i den eine handa og meg i den andre.
– No er det eg og morfar i skuggeluene våre som styrer skuta.
– Avsnittet om Rut som kjem springande.

ETTER LESINGA:

No skal de få skrive og teikne ein teikneserie med utgangspunkt i utdraget. Her får de arbeide med samansette tekstar og illustrasjonar, noko som utfyller kvarandre på ein spanande og konkret måte.

Mal for teikneserie.

Dette må eleven ha: Ein god blyant, fargestiftar og viskelêr. Kan bruke svart tusjpenn/tusj for å tusje over blyantstrekane til slutt.

Lag ein teikneserie som skildrar ein augneblink eller ei stemning frå utdraget, til dømes med bølgjer, uro og storm. Bruk snakkebobler som viser dialog og får fram detaljar. Før elevane byrjar å teikne, må dei ha tenkt ut korleis hovudpersonane og båten ser ut.

Ta dykk tid og gjer dykk flid. Fyll rutene med innhald. Lag ei utstilling for klasserommet.

Nynorsksenteret sine ressurssider om teikneseriar