Skrivekonkurranse i Tid for ti 2020

Lucas Persche-Maudal (12) frå Forsand skule skreiv biografi om Greg Heffley frå bøkene En pingles dagbok, og gjekk heilt til topps i skrivekonkurransen Foreningen !les arrangerte i samarbeid med Framtida junior.

Les vinnarteksten til Lucas her

To finalistar får bokpakke i posten:

Elise Gjerde Engh, Hasund skole, som skreiv biografi om statsminister Erna Solberg. Les Elise sin tekst her

Mari Krumsvik Mosnes frå Fister, som skreiv biografi om skiløpar Therese Johaug. Les Mari sin tekst her

I tillegg fekk ein skule besøk av forfattar Alfred Fidjestøl. Han har skrive Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius. Les meir her

Vi gratulerar vinnarane med gode tekstar og takkar alle elevane som var med i konkurransen!

Under kan du sjå oppgåveteksten til konkurransen:

Skrivekonkurranse i Tid for ti 2020

Skrivekonkurranse for 10–13-åringar – med fine premiar!

Foreningen !les og Framtidajunior.no inviterer elevar på mellomtrinnet
i heile Noreg til å vere med på ein skrivekonkurranse i
samband med Tid for ti-aksjonen 2020.

Eit av utdraga du kan lese i Tid for ti-antologien 2020, er biografien
om sjimpansen Julius. Les her

SKRIV EIN BIOGRAFI

Du vel sjølv om du vil skrive om ein person, eit band, ein by eller
eit dyr. Eller om noko heilt anna som du synest fortener å bli
skrive om.

Du vel sjølv om du vil skrive sakleg, humoristisk eller alvorleg.

Tenk at det du skriv, skal kunne kome på trykk på
Framtidajunior.no og at det skal vere interessant å lese for andre.

 

konk (2)